Max Tau
norsk forfattar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Max Tau (19. januar 1897–13. mars 1976) var ein tysk-norsk humanist, filosof og diktar av jødisk avstamming.
Tau var fødd i Beuthen i Schlesien i Tyskland, no Bytom i Polen. Han tok doktorgraden i filosofi i 1927, og flytta deretter til Berlin. Her var han forlagsredaktør i Bruno Cassirer-forlaget. Han oppdaga og fremja forfattarar som Walter Bauer, Marie-Luise Kaschnitz, Wolfgang Koeppen, Horst Lange og August Scholtis. Han introduserte også Karel Čapek til eit tysk publikum.
Som jøde hadde Max Tau ei særskild vanskeleg stilling i Nazi-Tyskland, og han emigrerte til Noreg i 1938. Han måtte flykta vidare til Sverige i 1942, og fekk norsk statsborgarskap av den norske ambassaden. Han flytta tilbake til Noreg i 1945.
I Noreg var Tau verksam som litteraturkritikar og forfattar. Fram til han døydde verka han som forlagsredaktør i Tanum og Aschehoug.
Mange av bøkene har sterke sjølvbiografiske drag. Bøkene gjev levande bilete frå ei skiftande livssoge og talande uttrykk for Tau sitt humanistiske livssyn.

Foto: Deutsche Bundearchiv
På 1950-talet grunnla han Norsk-tysk selskap (Deutsch-Norwegische Gesellschaft).
Tau gjorde ein stor innsats for å gjera nyare norsk litteratur kjend i Tyskland. Tau hadde ei viktig rolle i utgjevinga av norsk litteratur på tysk, mellom anna verk av Olav Duun, Johan Falkberget, Sigrid Undset, Tarjei Vesaas og Herman Wildenvey.
Tau var den første mottakaren av dei tyske bokhandlarane sin fredspris i 1950. Han vart utnemnd til riddar av fyrste klasse av St. Olavs Orden i 1972, og den tyske skulen i Oslo heiter frå 1998 Deutsche Schule Oslo – Max Tau.
Remove ads
Kjelder
- Delar av denne artikkelen bygger på «Max Tau» frå Wikipedia på bokmål, den 29. juni 2017.
Bakgrunnsstoff
- Norsk-tysk selskap Arkivert 2008-01-16 ved Wayback Machine.
- Deutsche Schule Arkivert 2005-04-13 ved Wayback Machine.
- Utdjupande artikkel om Max Tau på snl.no, skriven av Einhart Lorenz.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads