Max Whitlock

From Wikipedia, the free encyclopedia

Max Whitlock
Remove ads

Max Anthony Whitlock (fødd 13. januar 1993) er ein britisk turnar som er trefaldig verdsmeister to gongar olympisk meister i bøylehest og olympisk meister 2016 i frittståande.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Whitlock bidrog i fire øvingar då Storbritannia våren 2012 vann lagtevlinga ved europameisterskapen i Montpellier. Under Sommar-OL 2012 i London vann han to bronsemedaljar, fyrst med det britiske mannskapet i lagtevlinga og deretter i bøylehest. I 2013 vart han europameister i frittståande, året etter i bøylehest. Ved Turn-VM 2015 i Glasgow vart Whitlock verdsmeister på bøylehest. Under Sommar-OL 2016 i Rio de Janeiro fekk han bronse i mangekampen, før han vann gullmedaljen i så vel frittståande som bøylehest, noko som gjorde ham til den fyrste britiske olympiameister i turn. Han heldt fram med å vinne gullmedaljar i bøylehest i dei neste store meisterskapane: Turn-VM 2017 i Montreal, Turn-EM 2019 i Szczecin, Turn-VM 2019 i Stuttgart og under dei olympiske leikane i Tokyo i 2021. Også i Turn-VM 2023 kvalifiserte han til finalen i bøylehest, eit fall i øvinga gjorde at han enda på femteplassen.

Whitlock har sanka seks (3-0-3) OL-medaljar, åtte (3-5-0) VM-medaljar og åtte (4-3-1) EM-medaljar i turn.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads