Miksa Hell

From Wikipedia, the free encyclopedia

Miksa Hell
Remove ads

Miksa Maximilian Hell (15. mai 172014. april 1792) var ein ungarsk[1][2][3][4] astronom og ordinert jesuitt-prest frå Kongedømet Ungarn.

Kjappe fakta Fødd, Død ...

Frå 1755 var han direktør ved observatoriet i Wien og professor ved universitetet i Wien. Etter oppdrag frå Christian VII av Danmark-Noreg reiste han i 1768 saman med János Sajnovics til Vardø for å følgje Venus-passasjen føre solskiva, slik at ein for første gang kunne rekne ut den nøyaktige avstanden mellom sola og jorda. Under reisa vart breiddegraden til mange stader i Norge avgjort ved observasjon av sol og stjerner. Hell bygde observatorium i Vardø og fann lengde- og breiddegraden til staden med stor nøyaktigheit etter metodane på den tida.

Dei viktigaste verka til Hell er Elementa algebrae (1745), Elementa mathematicae (1755), Observatio transitus Veneris (1770), Tabula geographica Ungariae veteris (1801) og Reise nach Wardoe (1835).

Krateret Hellmånen er namnsett etter han.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads