Mayakalenderen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Maya-kalenderen er eit kalendersystem som blei brukt i førkolumbiske Mesoamerika, særleg mayafolk, og i mange moderne samfunn i høglandet i Guatemala,[1] Veracruz, Oaxaca og Chiapas i Mexico.[2]

Grunnlaget til maya-kalenderen byggjer på eit felles system som var i bruk i heile regionen og som minst går tilbake til det 5. hundreåret f.Kr. Han deler mange eigenskap med kalendrar som blei nytta av andre tidlegare mesoamerikanske sivilisasjonar, som zapotec- og olmekkulturane, og samtidige eller seinare kulturar, som mixtecarane og aztekarane.[3]
Etter mytologisk mayatradisjon, som er dokumentert frå yukatansk kolonitid og rekonstruert frå seinklassiske og postklassiske innskrifter, er guddommen Itzamna ofte tillag å ha ført kunnskapen om kalendersystemet til mayaforfedrane, i lag med skrift generelt og andre grunnleggjande aspekt av mayakulturen.[4]
Mayakalenderen består av fleire syklusar eller teljingar av ulike lengder. Den 260 dagar lange teljinga er kjend for forskarar som tzolkin eller tzolkʼin.[5] Tzolkin-teljinga blei kombinert med eit 365-dagar langt vagt solår kjent som haabʼ til ein synkronisert syklus som varar i 52 haabʼ og blir kalla kalenderrunden. Kalenderrunden er framleis brukt av fleire grupper i det guatemalanske høglandet.[6]
Ettersom kalenderrunden gjentek seg kvar 18 980. dag, ca. kvart 52 solår, gjentar syklusen seg omtrent ein gong i eit menneskeliv, så det var naudsynleg å finna ein finare dateringsmetode for å dokumentera historia nøyaktig. For å spesifisera datoar over periodar som var lengre enn 52 år, brukte mesoamerikanarar langteljingskalenderen.
Mayaane kalla ein dag kʼin. Tjue av desse kʼinane er kjende som ein winal eller uinal. 18 winalar dannar ein tun. Tjue tunar er kjende som kʼatun. Tjue kʼatunar utgjer ein bʼakʼtun.
Langteljingskalenderen identifiserer ein dato ved å telja talet på dagar frå maya-skapinga 4 ahaw, 8 kumkʼu (11. august 3114 f.Kr. i den proleptiske gregorianske kalenderen eller 6. september i den julianske kalenderen -3113 astronomisk datering). Men i staden for å bruke eit titalssystem blei dei dagane i langteljingskalenderen telde i eit modifisert tjuetalssystem. Her er 0.0.0.1.5 lik 25 og 0.0.0.2.0 er lik 40. Sidan winal-eininga berre blir tilbakstilt etter at ein har telt til 18, bruker langteljingskalenderen tjuetalssystemet konsekvent berre om tunen blir rekna som den primære måleininga, ikkje kʼin; kʼin og winal-einingane blir då talet på dagar i tunen. Langteljingstalet 0.0.1.0.0 representerer 360 dagar, i staden for 400 i eit reint tjuetalssystem (vigesimalt).
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads