Maybe Baby
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Maybe Baby» er ein rock and roll-song skriven av Buddy Holly og produsenten Norman Petty. Songen vart spelt inn av Holly og The Crickets i 1957 og gjeven ut på singel. På singelen er dei berre omtalt som The Crickets og han vart ein hit i USA, Storbritannia og Canada.[2]
Remove ads
Innspeling og utgjeving
«Maybe Baby» vart spelt inn på Tinker Air Force Base i Midwest City i Oklahoma seint på natta 29. september 1957, medan Buddy Holly and The Crickets var på turné. Same kvelden som opptaket hadde dei konsert i Oklahoma City Municipal Auditorium med The Show of Stars '57.[3] Den ganske enkle teksten er sett til musikk med eit akkompagnement som er typisk for rockabilly.[1]
«Maybe Baby» vart opphavleg spelt inn av Holly og The Crickets i 1957,[4] og nådde 17. plassen på den amerikanske singellista og fjerdeplassen på den britiske. Holly turnerte i Storbritannia dette året. Singelen nådde òg åttandeplassen på R&B-lista til Billboard og niandeplassen på den kanadiske singellista.[5]
Remove ads
Andre versjonar
- Jackie DeShannon gav ut ein versjon av songen på albumet hennar Breakin' It Up On the Beatles Tour! frå 1964.
- Visesongaren Phil Ochs spelte songen på konsert tidleg i 1970-åra då Ochs brukte elektriske instrument og spelte mange songar frå 1950-åra.
- Bandet Gallery gav ut ein versjon av songen i 1972 på albumet Nice to Be with You.
- Countryartisten Susie Allanson gav ut ein versjon i 1978, som nådde sjuandeplassen på den amerikanske countrylista og 14. plassen på den kanadiske countrylista.
- Bobby Vee gav ut ein versjon i 1963.
- The Hollies spelte inn songen i 1980.
- The Nitty Gritty Dirt Band spelte in songen i 1996.
- Skeeter Davis spelte inn songen i 1967.
- Brian May, gitarist i Queen, gav ut songen som B-sida til singelen «Business» i 1998 og tok han med på albumet Red Special, som berre kom ut i Japan.
- Paul McCartney spelte inn songen for filmmusikken til den britiske filmen Maybe Baby.
- Hank Marvin gav ut ein versjon av songen i 1996.
- Esquerita spelte inn songen for albumet Esquerita! i 2010.
- Pat Monahan frå bandet Train spelte ein versjon av songen for hyllestalbumet Listen to Me: Buddy Holly, som kom ut i 2011.
- The Beatles spelte inn songen den 29. januar 1969 under Let It Be–Get Back-innspelingane.
- Det serbiske bandet Eva Braun spelte inn ein akustisk versjon av songen i 1993.
- Connie Francis spelte inn songen i 1996.
- Don McLean spelte inn songen i 1989.[6]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads