Mazandaran

From Wikipedia, the free encyclopedia

Mazandaran
Remove ads

Mazandaran (persisk استان مازندران Ostān-e Māzandarān) er ein av 31 provinsar i Iran, langs sørkysten av Kaspihavet og like ved Alborzfjella sentralt i det nordlege Iran.[6] Med klokka grensar han til Golestan, Semnan, Teheran, Alborz, Qazvin og Gilan. Sari er den største byen og hovudbyen i provinsen.

Kjappe fakta Land, Region ...

Mazandaran er ein av dei tettast folkesette provinsane i Iran[7] og har forskjellige naturressursar, særleg store olje- og naturgassreservoar.[8] Dei fire største fylka i provinsen er Sari, Babol, Amol og Qaemshahr.[9] Provinsen vart grunnlagd i 1937 og han vart erklært den andre moderne provinsen etter naboprovinsen Gilan.

Naturen er variert med sletter, præriar, skogar og regnskogar[10] som strekkjer seg frå sandstrendene ved Kaspihavet til dei kuperte og snødekte Elburz,[11] inkludert Damavand, eit av dei høgaste fjella og vulkanane i Asia.[12]

Mazandaran er ein stor produsent av oppdrettsfisk,[13] og akvakultur er eit viktig økonomisk bidrag til det tradisjonelle jordbruket.[14] Ei anna viktig næring er turistindustrien og folk frå heile Iran kjem og vitjar dette området.[15] Mazandaran er òg eit blømande senter for bioteknologi[8] og ingeniørvitskap.

Det har budd menneske i området i minst 75 000 år.[16][17] Nyare utgravingar i Goher Tippe synte at området har vore urbanisert i meir enn 5000 år og området vert i dag rekna som ein av dei viktigaste historiske stadane i Iran.[18] Han har spelt ei viktig rolle i kulturell og urban utvikling i regionen.[19]

Innfødde folk i regionen omfattar dei etniske mazanderanarane[20] som snakkar eit iransk språk som liknar med på gilaki og sangiseri.

Remove ads

Klima

Thumb
Topografisk kart over Mazandaran.
Thumb
Kysten av Kaspihavet frå feriestaden Namak Abrood.

Det er ofte snøfall i Elburz-området, som går parallelt til sørkysten av Kaspihavet. Fjella deler provinsen i mange isolerte dalar. Provinsen har eit moderat, subtropisk klima med ein middeltemperatur på 25 °C om sommaren og kring 8 °C om vinteren. Det kan falle mykje snø i fjella om vinteren, men sjeldan ved havnivå.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads