Mažeikiai
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Mažeikiai (samogitisk Mažeikē) er ein by nordvest i Litauen ved elva Venta. Han har kring 40 000 innbyggjarar og er den åttande største i landet. Byen er det administrative senteret i Telšiai fylke og er den største byen som ikkje har same namn som eit fylke.

Mažeikiai vart først nemnd i skriftlege kjelder i 1335. Ein krønikeskrivar for Den liviske ordenen skreiv om eit felttog ordenen utførte der landet til hertug Mažeika vart øydelagd. Byen voks raskt i 1869 då det vart bygd jernbanelinje til Vilnius og Liepaja. I 1893 hadde byen 13 butikkar og fem ølstover. I 1894 vart det bygd ei ortodoks kyrkje, i 1902 ei romersk-katolsk og i 1902 ei protestantisk.
I 1980 opna eit oljeraffineri som i dag er eit av dei største industriområda i Litauen.
Remove ads
Sport
- FK Atmosfera
- FK Mažeikiai
- FC ROMAR
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Mažeikiai» frå Wikipedia på engelsk, den 28. januar 2008.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads