Mazkeret Batya
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Mazkeret Batya (hebraisk skrift מַזְכֶּרֶת בַּתְיָה, tyder 'Batya-minnesmerket') er ein by sentralt i Israel søraust for Rehovot og 25 km frå Tel-Aviv. Mazkeret Batya dekker eit område på kring 7 km². I desember 2008 hadde han eit folketal på 9 900.
Remove ads
Historie

Mazkeret Batya vart grunnlagd den 7. november 1883 av ti pionerar frå Russland og sju lokale jødar. Han vart opphavleg kalla Ekron og var den første jordbruksbusetjinga til Hovevei Zion-rørsla. Landområdet vart kjøpt av baron Rothschild i eit tidleg forsøk på å innføre jødisk gardsbruk i Palestina. Rabbien Shmuel Mohilever spelte ei avgjerande rolle i å skaffe midlar og organisere nybyggjarane. Leivningane etter Mohilever vart sidan gravlagde i Mazkeret Batya gravplass. I 1887 vart namnet endra til Mazkeret Batya, til minne om Betty Salomo de Rothschild, mor til baron Rothschild.
Hovudnæringa i landsbyen var hovudsakleg gardsbruk under tørre forhold, som heldt fram sjølv etter selskapet Mekorot bygde ei røyrleidning som førte vatn til området frå Rehovoth.[2] I 1947 var Mazkeret Batya heimstaden til 475 menneske.[2]
I mandattida vart det grunnlagd ein jødisk politistasjon i Mazkeret Batya for å gjere dei lokale vegan tryggare. Under sjølvstendekrigen drog konvoiar som skulle kringsetje Jerusalem ut frå Mazkeret Batya. Eit feltsjukehus var i drift her for å ta seg av Haganah-soldatar som vart skadde ved Latrun.[3]
I følgje ei kjelde skal britane mot slutten av Palestinamandatet ha prøvd å gje den nærliggande flyplassen Aqir og leiren der til palestinske arabarar, visstnok utan suksess.[2]
Remove ads
I dag
Sidan han ligg nær Tel Aviv, har Mazkeret Batya i nyare tid opplevd vekst. Mazkeret Batya er eit blanda samfunn av religiøse og sekulære jødar. Historiske landemerke er Beit Ha'Itut (Signalhuset), Den store synagoga, Beit Meshek HaBaron, vasshjulet og brunnen, reservoaret og den gamle garden.[3]
Venskapsbyar
Mazkeret Batya er venskapsby med:
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads