Median

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Median i statistikk er eit sentralitetsmål som blir definert som verdien til talet som deler eit utval i to delar slik at kvar del har like mange element. For eit utval der mengder observasjonar er eit oddetal, er medianen den midterste verdien der utvalet er sortert i rekkjefølgje. For eit utval der mengder observasjonar er eit partal er medianen gjennomsnittet av dei to midterste verdiane.

Denne artikkelen handlar om omgrepet i statistikk. For språkvitskap, sjå median i språkvitskap.

Medisinsk brukast uttrykket medianplan (midtsagittalplan) om ei tenkt linje som deler kroppen i ein venstre og ein høgre halvdel.

Remove ads

Avgjersle av median

I eit sortert datasett med n element, der n er ulike vil medianen kunne finnast som element nummer .

I eit sortert datasett med n element, der n er like kan medianen vere ein av dei to midterste talverdiane, og kvar og ein talverdi der imellom. Ofte blir middelverdien brukt av dei to midterste talverdiane.

Remove ads

Stabilitet

Fordelen ved å bruke median i tilhøve til middelverdi er at median er stabil overfor ekstreme observasjonar (som blant anna kan oppstå ved målefeil). Viss ein til dømes har mælt høgder i meter, men har gløymt å setje komma i nokre av målingane, vil det påverke gjennomsnittet mykje, medan medianen ikkje blir påverka i same grad. Har ein målingane 1,73 - 180 - 1,86, vil gjennomsnittet bli 63,59, medan medianen er 1,86. Her er medianen tett på det som ville vore medianverdien utan den eine feilmålinga (1,80).

Remove ads

Median i geometri

I geometrien syner median til eit linjestykke som knyter ein av ein vinkelspissane til ein trekant med midtpunktet av den motståande sida.

For å finne medianen av ein talrekkje som til dømes: 1-3-5-6-8-9-11-12-14, må du telje deg innover frå kvar av sidene. Medianen i denne talrekkja er difor 8.

Sjå òg

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads