Megan Fox

amerikansk skodespelar From Wikipedia, the free encyclopedia

Megan Fox
Remove ads

Megan Denise Fox (fødd 16. mai 1986) er ein amerikansk skodespelar og modell. Ho er kjend for rollene sine i fjernsynsserien Hope & Faith (2004) og i filmen Transformers.[1]

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Remove ads

Tidleg liv

Fox vart fødd i Oak Ridge i Tennessee som barn av Darlene Tonachio, frå Roane County i Tennessee, og Franklin Foxx.[2][3] Far hennar kutta ut ein «x» frå etternamnet sitt like før eller like etter at Megan vart fødd. Fox har ei eldre syster.[4] Familiebakgrunnen hennar er irsk, fransk og amerikanske urfolk.[5]

Berre 16 år gammal byrja Fox karrieren sin etter å ha vunne fleire prisar under 1999 American Modeling and Talent Convention på Hilton Head Island i Sør-Carolina.[6]

Thumb
Megan Fox ved Hollywood Life Magazine’s 7th Annual Breakthrough Awards
Thumb
Megan Fox ved Spike TV's 2007 Scream Awards

Fox fekk filmdebuten sin i filmen Holiday in the Sun frå 2001, som den bortskjemde Brianna Wallace og rivalen til Alex Stewart (Ashley Olsen). Ho fekk så nokre gjesteopptredener i tv-seriar som Ocean Ave., What I Like About You, Two and a Half Men og The Help i perioden frå 2003 to 2004. I 2004 spelte Fox i Confessions of a Teenage Drama Queen saman med Lindsay Lohan. Ho fekk så ei større gjentakande rolle i fjernsynsserien Hope & Faith, der ho spelte figuren Sydney Shanowski frå 2004 til 2006[7]

Fox sitt store gjennombrot kom då ho fekk rolla som Mikaela Banes i action-filmen I-en til Transformers 2007, basert på leiketøy-figurane og teikneserie-filmane ved saman namn. Ho spelte kjærasten til Shia LaBeouf sin rollefigur Sam Witwicky. Ho skreiv kontrakt for to oppfølgjarar til Transformers.[7] Det vart ein viss kontrovers kring rolla til Fox då ho filma oppfølgjaren til Transformerss og regissøren Michael Bay gav henne melding om å leggja på seg.[8]

I juni 2007 fekk Fox ei rolle i filmen How to Lose Friends & Alienate People, saman med Jeff Bridges, Simon Pegg og Kirsten Dunst. Rolla som Fox spelte, var som ein ung Hollywood-filmstjerne som får den første kjennskapen med berømtheit. Filmen hadde premiere i oktober 2008.

Som fotomodell har Fox stilt opp for blad som FHM, GQ og Maxim.[9][10] FHM valde ho til «Sexiest Woman in the World» i 2008.[11]

Fox fekk si fyrste tatovering då ho var 19, som ei form for sjølvuttrykking.[12] Tatoveringane hennar har vore med på å popularisera tatoveringsmote.[13] Ho har hatt over ni tatoveringar, inklusive eit dikt, eit symbol for styrke på nakken, Greens namn på eine hofta, eit okseauge på den nedre ryggen sin, ein rosa flamingo på det øvre låret sitt, og eit bilete av ansiktet til Marilyn Monroe på den høgre armen sin.[14] Ho har òg ei tatovering på den høgre skuldra si som seier: «We will all laugh at gilded butterflies», som er eit utdrag frå Shakespeare-skodespelet King Lear.[15] Fox enda opp med å fjerna Monroe-tatoveringa gjennom fleire laserbehandlingar[16] fordi ho fann at livet til Monroe var fullt av negativitet som ho ikkje ønskte å følgja.[17]

Warner Bros. valde Megan Fox som sitt første val til å erstatta Angelina Jolie i den tredje Lara Croft: Tomb Raider-filmen, men Fox avslo.[18] På nettstaden Moviefone kåra lesarane Megan Fox til den mest sexy, og dårlegaste skodespelaren i 2009.[19]

Megan Fox spelte ei rolle i thrilleren Passion Play med Mickey Rourke og Bill Murray i 2010.

Remove ads

Personleg liv

Fox byrja gå ut med skodespelaren Brian Austin Green i 2004, etter at dei hadde møtt kvarande på settet til Hope & Faith. Ho var då 18 år, medan han var 30.[20][21] Ifølgje Fox var Green usikker på om han ville ha eit forhold med henne på grunn av aldersskilnaden.[22] Paret blei trulova i november 2006.[23] I februar 2009 skal dei ha avslutta trulovinga,[23] men Foz har også sagt at ho Green var trulova kontinuerleg frå 2006.[24]

Fox og Green gifta seg 24. juni 2010 ved ein privat seremoni ved Four Seasons Resort på Maui.[25][26] Dei har tre søner: Noah Shannon Green (f. 2012),[27][28] Bodhi Ransom Green (f. 2014)[29] og Journey River Green (f. 2016).[30] Fox var også stemor for Green sin son Kassius (f. 2002) frå eit tidlegare forhold.[31] Fox ba om skilsmisse 21. august 2015, nokre dagar etter at paret hadde annonsert ein separasjon.[32][33] Tidleg i 2016 var dei saman att og venta sitt tredje barn.[34] I mai 2020 gjorde Green det kjend at han og Fox var blitt separerte etter nær ti års ekteskap.[35] I november 2020 ba Fox om skilsmisse frå Green att,[36] og skilsmissa blei stadfesta 15. oktober 2021.[37]

Remove ads

Filmografi

Meir informasjon År, Film ...

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads