Mehmet Scholl
tysk fotballmanager og fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Mehmet Tobias Scholl, fødd Yüksel, (fødd 16. oktober 1970) er ein tysk tidlegare fotballspelar og seinare fotballtrenar frå Karlsruhe. Han vart europameister med Tyskland i 1996. Med Bayern München vann Scholl, som var midtbanespelar, både UEFA-cupen 1996, Meisterligaen 2001, åtte ligameisterskap og fem nasjonale cuppokalar.
Remove ads
Scholl spelte på Karlsruhe SC fram til 1992. Sidan var han Bayern München-spelar til han la opp i 2007. Frå 1994 til 2006 var han som midtbanespelar med å vinne bundesligaen åtte gongar. I mai 1996 skåra han i begge UEFA-cupfinalane mot Girondins Bordeaux, eit oppgjer som Bayern vann med 2-0 borte og 3-1 heime. Tre år seinare var han innbytar då Bayern tapte meisterligafinalen 1999 med 1-2 mot Manchester United. Høgdepunktet som Bayern-spelar kom 23. mai 2001 då laget vann Meisterligaen 2001 gjennom ei straffesparktevling.
Remove ads
I tida 1995-2002 deltok Scholl i 36 landskampar og skåra 8 mål. Han var med i Fotball-EM 1996, ei turnering der han i finalen vart bytta ut mot Oliver Bierhoff, midtspissen som med sine to mål snudde kampen til tysk siger 2-1. Ein skade gjorde Scholl uaktuell til verdsmeisterskapen 1998 i Frankrike. I europameisterskapen 2000 skåra han Tysklands einaste mål i turneringa, det tyske laget rauk elles rett ut etter å ha sanka eitt einaste poeng i gruppespelet.
Remove ads
- Europameister: 1996 for Tyskland
- Vinnar av meisterligaen: 2001 med Bayern München
- Vinnar av UEFA-cupen: 1996 med Bayern München
- Tysk seriemeister: 1994, 1997, 1999, 2000, 2001, 2003, 2005 og 2006 med Bayern München
- Tysk cupmeister: 1998, 2000, 2003, 2005 og 2006 med Bayern München
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Mehmet Scholl» frå Wikipedia på tysk, den 25. august 2018.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads