Meland kommune

tidlegare kommune i Hordaland fylke i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia

Meland kommune
Remove ads

Meland er ein tidlegare kommune i Nordhordland som eksisterte frå 1923 til 2020. Området ligg i Vestland fylke, tidlegare i Hordaland fylke. Meland kommune var ein kyst- og øykommune nord for Bergen. Kommunesenteret var Frekhaug, sør på øya Holsnøy. Øya Holsnøy utgjorde hovuddelen av kommunen. I tillegg kom Flatøy, Ypsøy og fleire små øyar. Mot sørvest var Askøy kommune.

Kjappe fakta Land, Fylke ...

Nordhordlandsbrua frå Bergen kommune kjem i land på Flatøy. Europaveg 39 (E39) går vidare nordover gjennom tidlegare Lindås kommune. Nord for Meland ligg òg Radøy kommune. Mellom Meland og Radøy går Mangersfjorden og Radfjorden. Mellom Askøy og Meland går Herdlefjorden. Meland kommune hadde namn etter garden Meland på Holsnøy. Her er det òg kyrkje (Meland kyrkje).

Remove ads

Kommunesoge

Meland sokn var frå 1885 ein del av Alversund prestegjeld og kommune. Meland vart eigen kommune i 1923. Ein del av Holsnøya og litt av Askøya fekk namnet Meland kommune. Ved kommuneendringer i 1964 overtok Meland Flatøy frå gamle Hamre kommune. Gamle Herdla kommune sine område nord på Holsnøy vart og overteke. Områda på Askøy vart overført til Askøy kommune.

1. januar vart Meland slått saman med Lindås og Radøy til Alver kommune.[1] Siste ordførar var Øyvind Helland Oddekalv frå Arbeiderpartiet, siste varaordførar var Nils Marton Aadland frå Høgre.

Remove ads

Kommunevåpen

Kommunevåpenet til Meland er på raud grunn ein sølv navar-spiss som vender nedover. Navarsmiing har lange tradisjonar i Meland. Ein navar er eit trebor.

Media

Lokalavisene er Strilen og Nordhordland, medan regionavisene er Bergens Tidende og Bergensavisen.

Kjende personar frå Meland

  • Jan Roar Leikvoll (1974–2014), forfattar
  • Lise Klaveness (f. 1981), landslagsspelar i fotball
  • Torgeir Byrknes, artisten og DJ «TeeBee»
  • Bjarte Leithaug, artist
  • Solveig Leithaug Henderson, artist

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads