Mellow Yellow

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Mellow Yellow» er ein song og singel av Donovan. Han nådde andreplassen på den amerikanske Billboard-lista i 1966.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Det gjekk før rykte om at songen omhandla det å røyke tørka bananskal, som ein trudde hadde ein hallusinogen effekt i 1960-åra, sjølv om dette sidan har vorte avvist. I følgje teksten som følgde albumet Donovan's Greatest Hits, så vart rykte om at ein kunne verte dopa på å røyke bananskal starta av Country Joe McDonald i 1966, og Donovan høyrte rykte tre veker før «Mellow Yellow» kom ut som singel. I følgje The Rolling Stone Illustrated Encyclopedia of Rock and Roll, innrømde han seinare at songen var ein refernase til ein gul vibrator, omtalt i teksten som ei «elektrisk banan». Uttrykket «mellow yellow» dukkar opp på side 719 i den første amerikanske utgåva av James Joyce-romanen Ulysses, der det vert nytta til å omtale rumpa til Mrs. Marion Bloom, men det er ikkje kjend om Donovan fekk uttrykket der i frå.[1]

Plata har ei Beatles-aktig kjensle, og vart stundom tatt for å vere ein Beatles-song. Donovan var gode vener med the Beatles. Paul McCartney kan mogelegens høyrast som ein av folka som pratar i bakgrunnen på songen, men i motsetnad til populære rykte, er det ikkje McCartney som kviskrar «quite rightly» i refrenget. Det er det Donovan sjølv som gjorde.

Remove ads

Salslister

Meir informasjon Liste (1966–67), Plassering ...
Remove ads

Andre versjonar

R&B- og jazz-songaren Georgie Fame spelte inn si utgåva av songen med eit heilt anna arrangement.

Songen har vore nytta for nytta i fleire reklamefilmar, ofte med anna tekst.

Jimi Hendrix refererte til songen i songen hans «Bold As Love», medan Frank Zappa refererte til songen på «Absolutely Free» på albumet We're Only In It For The Money (1967).

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads