Menahemia

From Wikipedia, the free encyclopedia

Menahemia
Remove ads

Menahemia (hebraisk מְנַחֶמְיָה) er ein landsby i Jordandalen nordaust i Israel. Han ligg nær veg 90 mellom Beit She'an og Tzemah-krysset 5 km sør for Tzemah og høyrer til Emeq ha-Ma'ajanot regionale kommune. Med eit areal på 6 000 dekar, hadde landsbyen eit folketal på 1 000 i 2007.

Kjappe fakta Land, Distrikt ...

Landsbyen vart grunnlagd den 23.-26. desember 1901 som ein moshava kalla Milhamia (hebraisk מלחמיה) av dei fem første familiane på landområde kjøpte sør i Jordandalen, og var den første jødiske busetjinga på den tida i denne regionen. Han fekk namnet Menahemia i 1921 etter faren til høgkommisæren i Palestinamandatet Herbert Samuel, 1. Viscount Samuel.

Han var ein eigen lokal kommune frå 1951 til 1. januar 2006 då landsbyen vart ein del av Beit She'an-dalen regionale kommune.

Før fyrste verdskrigen vart det starta eit regionalt apotek i Menahemia. Andre industriar er eit steinbrot, der ein hentar ut råmaterial til fabrikken Nesher nær Haifa, og ein gipsfabrikk.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads