Menneskeanatomi
læra om morfologien til menneskekroppen From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Menneskeanatomi er eit grunnleggjande fagfelt innan medisin som tek for seg oppbygginga av menneskekroppen.
- «Kroppen» omdirigerer hit. For andre tydingar av ordet, sjå kropp.

Struktur på anatomien
Ein kan sjå på anatomien ved å ta ei regional tilnærming eller ei systemisk tilnærming.
- Ved ei regional tilnærming blir kvar region av kroppen studert for seg, og alle delar av kvar region blir studert samstundes. Det vil seie at ved studiet av brystkassa så blir alle strukturar i ho studert. Dette inkluderer blodkar, nervar, bein, musklar og alle andre strukturar og organ som er i brystkassa. Etter å ha studert denne regionen så blir dei andre regionane ,(magen, bekkenet, overekstremitetane, underekstremitetane, ryggen, hovudet og halsen) studert på same viset.
- Ved ei systemisk tilnærming blir kvart system i kroppen studert og følgt gjennom heile kroppen. Til dømes vil ein ved studiet av sirkulasjonssystemet kikke på hjartet i brystkassa og følgje blodkara ut i resten av kroppen. Det same kan ein gjera med nervesystemet, respirasjonssystemet, skjelettsystemet, meltingssystemet og lymfesystemet.
Remove ads
Medisinsk latin
I Noreg nyttar ein oftast latinske namn på strukturar i kroppen, av og til fornorska latin, men stadig oftare norske namn. I engelske lærebøker og ved medisinstudiene i USA nyttar ein anglofiserte versjonar av dei latinske strukturnamna. Til dømes heiter det arteria coronaria dextra på latin, den høgre koronararterien på norsk-latin, den høgre kranspulsåra på norsk og the right coronary artery på engelsk.
Remove ads
Visualisering av strukturar
Ein kan visualisere dei indre strukturane i kroppen ved hjelp av ulike metodar.
Regional tilnærming
- Ryggregionen
- Brystkasseregionen
- Mageregionen
- Overekstremitetene
- Underekstremitetane
- Hode-/Halsregionen
Systemisk tilnærming
Organ
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Human anatomy» frå Wikipedia på engelsk, den 5. oktober 2010.
Bakgrunnsstoff
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads