Menuett i G-dur
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Menuett i G-dur er eit klaverstykke som finst i Anna Magdalena Bachs notebok frå 1725. Det vart tidlegare tilskrive Johann Sebastian Bach (BWV Anh. 114), men vert no vanlegvis tilskrive Christian Petzold.[1][2][3]
Noteboka det er snakk om høyrte til den andre kona til Johann Sebastian Bach, Anna Magdalena, og er ei samling av musikk av forskjellige komponistar frå seint på 1600-talet og tidleg på 1700-talet, mellom andre François Couperin, Georg Böhm, Johann Sebastian Bach sjølv og kanskje noko av sønene hans (som Carl Philipp Emanuel Bach). Dei fleste av kommentarane i noteboka vart gjort av Anna Magdalena sjølv. Berre få komponistar er identifiserte i boka. Menuett i G-dur er eit av dei mange anonyme verka. I 1970-åra vart stykket identifisert frå ein cembalosuite av organisten Christian Petzold frå Dresden.[4]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads