Merhavia moshav

From Wikipedia, the free encyclopedia

Merhavia moshav
Remove ads

Merhavia (hebraisk מֶרְחַבְיָה) er ein moshav nord i Israel. Han høyrer til Jezreeldalen regionale kommune og hadde i 2006 eit folketal på 722. Moshaven vart grunnlagd i 1911 som den første moderne jødiske busetjinga i Jezreeldalen.

Kjappe fakta Land, Region ...

Landsbyen vart grunnlagd som Fellesskapet i Merhavia, eit andelsbruk, i byrjinga av 1911, basert på ideane til Franz Oppenheimer. Grunnleggjarane hadde kome til området i 1910 og bestod av medlemmar av Kvutzat Kibush og arbeidarar frå den andre Aliyah. Han var meint å fungere som eit andelsbruk og vart grunnlagd med støtte av Arthur Ruppin, Yehoshua Hankin, Anglo-Palestine Bank og Eliyahu Blumenfeld. Alexander Baerwald teikna og bygde dei første faste bygningane og eit vegnettverk i 1915.[1] Namnet Merhavia kjem frå salmane Salmane 118:5.

I 1922 vart staden omgjort til ein moshav ovdim etter at polske emigrantar og innbyggjarar frå Tel Aviv som ønskte å drive jordbruk slo seg ned. I 1929 vart ein kibbutz, òg kalla Merhavia, grunnlagd ved sidan av moshaven.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads