Merle Travis

From Wikipedia, the free encyclopedia

Merle Travis
Remove ads

Merle Robert Travis (29. november 191720. oktober 1983) var ein USA-amerikansk countrysongar, låtskrivar og gitarist frå Rosewood i Kentucky i USA.[1] Songtekstane hans diskuterte ofte livet og den økonomiske utnyttinga av USA-amerikanske kolgruvearbeidarar. Blant dei mest kjende songane hans finn ein «Sixteen Tons», «Re-Enlistment Blues», «I am a Pilgrim[2] og «Dark as a Dungeon». Men det er den unike gitarstilen hans, framleis kalla Travis-klimpring av gitaristar, i tillegg til tolkinga hans av den rike musikktradisjonen frå heimstaden Muhlenberg County i Kentucky, han er mest kjend for i dag. «Travis Picking» er ein synkopert gitarstil, som vert plukka med fingrane og med røter i ragtime der vekslande akkordar og bassnotar vert plukka med med tommelen, medan melodien samstundes vert plukka med peikefingeren. Han vart innlemma i Nashville Songwriters Hall of Fame i 1970 og vart vald inn i Country Music Hall of Fame i 1977.[1]

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Remove ads

Diskografi

Album

Meir informasjon År, Album ...

Posthume album

Meir informasjon År, Album ...

Singlar

Meir informasjon År, Singel ...
Remove ads

Filmar

Filmar som musikar

  • 1944: I'm from Arkansas - musikar (ikkje oppført)
  • 1944: The Old Texas Trail - gitarist og banjospelar (ikkje oppført) (britisk tittel: Old Stagecoach Line)
  • 1945: Montana Plains (kortfilm) - msikar
  • 1945: When the Bloom is on the Sage (kortfilm) - seg sjølv
  • 1945: Why Did I Fall for Abner? (kortfilm) - vokalist, gitarist
  • 1945 Texas Home (med Carolina Cotton) - seg sjølv - vokalist, gitarist
  • 1946: Roaring Rangers (britisk tittel False Hero) - gitaristen Travis (med The Bronco Busters)
  • 1946: Galloping Thunder (britisk tittel On Boot Hill) - Guitar Player (med the Bronco Busters)
  • 1946: Lone Star Moonlight (britisk tittel Amongst the Thieves) - seg sjølv (med the Merle Travis Trio)
  • 1946: Old Chisholm Trail (kortfilm) - vokalist
  • 1947: Silver Spurs (kortfilm) - vokalist, gitarist
  • 1951: Cyclone Fury - Guitar Player (med The Bronco Busters)
  • 1953: From Here to Eternity - Sal Anderson (vokal med akustisk gitar)
  • 1966: That Tennessee Beat - Larry Scofield

Andre filmar

  • 1945: Beyond the Pecos - Slim Jones (ikkje oppført)
  • 1961: Door-to-Door Maniac (amerikansk videotittel Last Blood) - Max
  • 1962: The Night Rider (TV-kortfilm) - Kentucky
  • 1982: Honkytonk Man - Texas Playboy #3 (siste filmrolle)

Original filmmusikk

  • 1976: Harlan County, USA
Remove ads

Kjelder

Bibliografi

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads