Metakarpofalangealledd

From Wikipedia, the free encyclopedia

Metakarpofalangealledd
Remove ads

Metakarpofalangealledda (articulationes metacarpophalangeae), ofte forkorta til MCP-ledda, er dei ledda som koplar mellomhandsknoklane til falangane i fingrane. Dei dannar med andre ord fingerknokane mellom handa og fingrane. Desse eggledda blir forma ved at leddknokane i mellomhandsbeina fyller ut innoverkrumminga i den proksimale enden av grunnfalangane. Unnataket er grunnleddet i tommelfingeren, som er eit hengselledd.

Thumb
Metakarpofalangealleddet (øvst) sett frå undersida (handflata). Volarplater mellom midtfalangane og ytterfalangane.
Remove ads

Struktur

Thumb
Metakarpofalangealleddet sett frå innsida

Leddband

Av leddband i fingrane finn ein volarplatene i interfalangeal- og metakarpofalangealledda og kollateralligamenta i metakarpofalangealledda.

Dorsale overflater

Dei dorsale leddoverflatene er kledd med utvidingar av ekstensorsenene, i tillegg til noko laust bindevev som festar seg til dei djupe overflatene av senene i knoklane.

Funksjon

Rørsle i desse ledda skjer gjennom fleksjon, ekstensjon, adduksjon, abduksjon og sirkumduksjon. Abduksjon og adduksjon er i stor grad avgrensa, og er umogeleg når fingrane er forma som ein knyttneve.

Musklane som styrer fleksjon og ekstensjon er:

OmrådeFleksjonEkstensjon
fingrarflexor digitorum superficialis og profundus, lumbrikalar og interossar, og flexor digiti minimi brevis som støtter veslefingerenextensor digitorum communis, extensor indicis proprius, og extensor digiti minimi proprius
tommelflexor pollicis longus og brevisextensor pollicis longus og brevis
Remove ads

Klinisk relevans

Leddbetennelse i metakarpofalangealleddet er eit kjenneteikn ved leddgikt, til skilnad frå osteoartritt, som kjenneteiknar dei ytre interfalangealledda.

Andre dyr

Kodeledd er det tilstavarande leddet hjå mange firbeiningar, særleg hestar og hovdyr.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads