Eggledd
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Eit eggledd (articulatio ellipsoidea) er ei oval leddflate, ein sokalla kondyle, som fyller ei elliptisk krumming for å danne eit ledd.[1] Desse ledda kan røre seg langs to plan gjennom fleksjon, ekstensjon, adduksjon, abduksjon og sirkumduksjon. Dei er eit toaksa ledd, det vil seie at det kan røre seg framover, bakover og sidelengs, men ikkje rotasjonelt kring ein akse.

Døme på eggledd er handleddet (radiokarpalleddet), metakarpofalangealleddet og metatarsofalangealleddet.[2][3]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads