Methicillin-resistente gule stafylokokkar

gruppe grampositive kulebakteriar i normalfloraen som skil seg genetisk frå andre gule stafylokokkar, som er motstandsdyktige mot meticillin eller andre β-laktamantibiotikum, og som kan føre til alvorleg infeksjonssjukdom From Wikipedia, the free encyclopedia

Methicillin-resistente gule stafylokokkar
Remove ads

Methicillin-resistente gule stafylokokkar (avstytt MRSA etter vitskapleg artsnamn S. aureus) er gule stafylokokkar (Staphylococcus aureus) som toler methicillin og mange andre antibiotikum.[1] Methicillin er ikkje lenger nytta klinisk og er heller ikkje lenger produsert kommersielt, men MRSA-bakteriar er òg resistente mot alle antiobiotikum basert på β-lactam, utanom den siste generasjonen av kefalosporin.[2]

Thumb
Elektronmikroskopbilete av ein nøytrofil granulocytt som tek til seg MRSA-bakteriar

Methicillin vart introdusert i 1959, og året etter, i 1960, vart dei fyrste tilfella av methicillin-resistens rapporterte frå eit sjukehus i Guildford nær London.[2] Før 1990 var dei fleste MRSA-bakteriane knytte til sjukehus (på engelsk avstytt HA-MRSA), men etter kvart vart menneske òg smitta av MRSA utanfor helseinstitusjonar (på engelsk avstytt CA-MRSA). I tillegg finst det MRSA-bakteriar knytte til storfe (på engelsk avstytt LA-MRSA).[3]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads