Guildford
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Guildford er ein by i Surrey i England, og administrativt senter for regionen Søraust-England. Han var tidlegare òg administrativt senter for grevskapet Surrey, men dette vart flytta til Kingston.
Remove ads
Historie
Historia til byen går tilbake til angelsaksisk tid. Namnet kjem truleg frå eit sanddekke – gylle – vadestad i elva Wey. Alfred Atheling, son av kong Ethelred II, hadde budd i Normandie under den danske invasjonen av England. Omkring 1040, nokre år etter Knut den store var død, kom han tilbake til England. Han møtte jarlen Godwin av Wessex i Guildford, og vart overlaten til kongen, som blinda og lemlesta han; Alfred døydde kort tid etter mishandlinga.
På 1100-talet reiste normannarane eit slott, i det som var utkanten av jaktmarkene til Windsor Castle. Det vart fleire gonger vitja av kongane Johan og Henrik III. Berre sjølve tårnet er verna, og vart restaurert i 2004.
Frå 1300- til 1700-talet hadde byen store inntekter frå handel med ull.
I 1927 vart Guildford eit anglikansk bispesete. Guildfordkatedralen vart vigsla i 1961.
Den 5. oktober 1974 eksploderte bomber plassert av medlemmar av Den provisoriske irske republikanske arméen på to pubar i Guildford. Pubane var utpeikt som mål fordi soldatar ofte gjekk dit; fem sivile vart drepne. Fire mistenkte vart arresterte, og vart kjent som Guildford Four. Dei vart idømd lange fengselsstraffar, men etter ein lang juridisk dragkamp vart dei lauslatne i 1989 då domane vart forkasta.
I 2002 freista Guildford å få full bystatus (city), men dette vart avslått og byen er enno ein town.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Guildford» frå Wikipedia på bokmål, den 12. juli 2011.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads