Metrisk rom
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Eit metrisk rom i matematikk er ei mengd der det er definert ein metrikk eller eit avstandsmål mellom to vilkårlege element i mengda.
Eit metrisk rom har ein struktur berre bygd opp omkring avstanden mellom to objekt, og definisjonen gjer det mogleg å studere matematiske samanhengar basert på dei formelle eigenskapane til avstandsmålet. Eit matematisk resultat der beviset byggjer eine og åleine på dei generelle eigenskapane til ein metrikk, vil vere gyldig i alle metriske rom.
Remove ads
Formell definisjon
Eit metrisk rom er ei mengd der det er definert ein metrikk , det vil seie ein funksjon som for to element i mengda returnerer eit ikkje-negativ reelt tal:
Funksjonen må oppfylle følgjande aksiom. For alle , har me
- (ikkje-negativitet)
- viss og berre viss
- (symmetri)
- (trekantulikskapen)
Remove ads
Komplette metriske rom
Eit metrisk rom blir sagt å vere komplett dersom ei kvar Cauchyfølgje konvergerer til eit element som òg ligg i .
Mengda av reelle tal under metrikken er eit komplett metrisk rom. Det er derimot ikkje mengda av rasjonale tal med same metrikk. I er det mogleg å konstruere Cauchyfølgjer som konvergerer mot eit grense som sjølv ikkje er eit rasjonalt tal.
Remove ads
ϵ {\displaystyle \epsilon } -omegn
Ein -omegn til eit element i eit metrisk rom er definert som ei mengd
Ei punktert -omegn er definert tilsvarande ved å ekskludere elementet :
Avgrensa mengd i eit metrisk rom
Ei undermengd i eit metrisk rom er avgrensa dersom det eksisterer eit objekt og ein positiv konstant slik at for alle
Remove ads
Døme på metriske rom
- Mengda av reelle tal under metrikken er eit metrisk rom. Meir generelt er alle dei euklidske romma metrisk rom.
- Eit kvart normert vektorrom er òg eit metrisk rom definert med metrikken .
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Metrisk rom» frå Wikipedia på bokmål, den 14. januar 2012.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads