Metroen i Paris
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Parismetroen er tunnelbanen i den franske hovudstaden Paris. Banen var opphavleg kjent under namnet Chemin de Fer Métropolitain ('storbyjernbane') og deretter Métropolitain, som raskt vart forkorta til Métro. Parismetroen er den tredje lengste i Vest-Europa, etter undergrunnsbanane i London og Madrid.
Systemet består av 16 linjer, nummererte frå 1 til 14, med tillegg av to korte linjer kalla «3bis» og «7bis», danna som sidebanar med utspring i linje 3 og 7.


Remove ads
Tekniske data

- 213 km skjener, meir enn 300 stasjonar
- høgrekøyring
- kvar linje har eigne plattformer, sjølv på stasjonar der ein har overgang til andre linjer
- alle tog stansar ved alle stasjonane på linja
- sporvidda er 1,435 m (normalspor), akkurat som toga på det franske hovudbanenettet. Derimot er vognene smalare, så metroen kan køyre på hovudbanenettet, men ikkje omvendt
- elektrisk kraft blir henta frå ei strømskjene. Spenninga er 750 V DC
- gjennomsnittleg avstand mellom stasjonane er ca. 300 m
- linje 1, 4, 6, 11 og 14 køyrer på gummihjul
- linje 14 er førarlaus (heilautomatisk drift)
- lengda på toga varierer frå linje til linje (3 til 6 vogner er vanleg) avhengig av mengda av passasjerar. Alle tog på same linje har alltid like mange vogner
Ein enkeltbillett gjev reisande så mange overgangar dei vil innan ein to-timarsperiode. Toga går frå ca. fem om morgonen til klokka eitt om natta, heile året.
Metrosystemet vart komplementert med eit nettverk av forstadsbanar RER (Réseau Express Régional), frå 1970-talet.
Remove ads
Linjeoversikt
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads