Mette Bergmann

From Wikipedia, the free encyclopedia

Mette Bergmann
Remove ads

Mette Bergmann (fødd 9. november 1962) er ein norsk tidlegare diskoskastar frå Kråkerøy i Fredrikstad. Frå 1984 til 2000 vann ho NM i diskoskast 17 gonger på rad. Den beste plasseringa hennar frå internasjonale meisterskap er bronseplassen i EM i 1994. Bergmann har hatt den norske rekorden i diskos for kvinner sidan 1984 og forbetra han mange gonger. Den gjeldande rekorden på 69,68 m. sette ho i Florø i 1995. Sleggjekast for kvinner vart NM-øving i 1996 og ho deltok i dei fem fyrste NM-tevlingane i øvinga og tok medalje kvar gong; ein gull, to sylv og to bronse. Bergmann er utdanna sjukepleiar.

Kjappe fakta
Remove ads

Meritt

  • 2 kongepokalar
  • NM 1983 Bronse i diskos
  • NM 1984 Gull i diskos
  • NM 1985 Gull i diskos
  • NM 1986 Gull i diskos
  • EM i styrkeløft 1986 Sylv i styrkeløft
  • NM 1987 Gull i diskos
  • NM 1988 Gull i diskos
  • NM 1989 Gull i diskos
  • NM 1990 Gull i diskos
  • NM 1991 Gull i diskos
  • NM 1992 Gull i diskos
  • NM 1993 Gull i diskos
  • NM 1994 Gull i diskos
  • EM 1994 Bronse i diskos
  • NM 1995 Gull i diskos
  • VM 1995 6. plass i diskos
  • NM 1996 Gull i diskos
  • NM 1996 Gull i slegge
  • NM 1997 Gull i diskos
  • NM 1997 Sylv i slegge
  • NM 1998 Gull i diskos
  • NM 1998 Bronse i slegge
  • NM 1999 Gull i diskos
  • NM 1999 Sylv i slegge
  • NM 2000 Gull i diskos
  • NM 2000 Bronse i slegge
  • Gjeldande norsk rekord i diskos, 69,68 frå 1995.
Remove ads

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads