Metz

From Wikipedia, the free encyclopedia

Metzmap
Remove ads

Metz er ein by nordaust i Frankrike, og hovudstad i regionen Grand Est og préfecture (administrasjonsstad) i departementet i Moselle. Byen ligg der elvane Mosel og Seille renn i hop. Byen har om lag 124 000 innbyggjarar.

Kjappe fakta Land Region Departement, Flatevidd ...

Sjølv om Nancy var hovudstad i hertugdømet Lorraine og den seinare franske provinsen Lorraine, vart Metz vald som hovudstad i den nye regionen på midten av 1900-talet.

Metz er ei elvehamn og handelsby og har m.a. mat-, metall- og elektroteknisk industri. Ein del av mellomalderbygningane, murar og byportar er bevart, i tillegg til den store gotiske og vakre domkyrkja.

Remove ads

Historie

Under romartida var den galliske Metz (Mettis) ei viktig grensefestning. Då Frankarriket vart løyst opp i 870 kom byen inn under Lothringen, og seinare under Det tysk-romerske riket der Metz var ein fri keisarby. År 1552 vart byen erobra av franskmennene, som gjorde han til ein sterk festning. Byen vart okkupert av tyskarane under Den fransk-prøyssiske krigen 187071 og vart ein del av Tyskland, men etter den første verdskrigen i 1918 vart byen gjeve tilbake til Frankrike.

Remove ads

Sport

Fotballaget FC Metz kjem frå Metz. Dei spelar for tida i Ligue 2, det nest høgaste nivået i fransk fotball.

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Metz


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads