Nancy

From Wikipedia, the free encyclopedia

Nancymap
Remove ads

Nancy (tysk dialekt Nanzig; luxembourgsk Nanzeg) er ein by nordaust i Frankrike og prefecture (hovudstad) i departementet Meurthe-et-Moselle i regionen Grand Est.

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå namnet Nancy.
Kjappe fakta Styresmakter, Land Region Departement ...
Remove ads

Byen har i overkant av 100 000 innbyggjarar, men i 1999 hadde storbyområdet etter ei folketeljing 410 509 innbyggjarar.

Remove ads

Historie

Dei tidlegaste spora etter busetnadar i området går tilbake til 800 fvt. Her var lett tilgang til jernmalm og ein vadestad i elva Meurthe, noko som sannsynlegvis var årsaka til at folk busette seg her. Ein liten festningsby kalla Nanciacum (Nancy) vart bygd av hertug Gérard rundt 1050.

Thumb
Place Stanislas i Nancy

Nancy vart plyndra av keisar Frederik II av Det tysk-romerske riket på 1200-talet, og vart så bygd opp att i stein dei neste hundreåra då han vart ein viktigare by som hovudstad i Hertugdøme Lorraine. Karl den modige leid nederlag og var drepen i Slaget ved Nancy i 1477.

Då hertug Stanislas døydde i 1766, vart hertugdømet ein fransk provins og Nancy haldt fram med å vere hovudstaden. Då regionen Lorraine vart oppretta på midten av 1900-talet vart Metz vald som hovudstad i staden for Nancy.

Remove ads

Attraksjonar

Place Stanislas, Place de la Carrière og Place d'Alliance vart lagt til UNESCO si verdsarvliste i 1983.

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Nancy


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads