Michael Lerner

From Wikipedia, the free encyclopedia

Michael Lerner
Remove ads

Michael Lerner er ein Jewish Renewal-rabbinar, politisk aktivist og redaktør av det venstreorienterte tidsskriftet Tikkun. Han var leiaren av den vidkjende anti-Vietnamkriggruppa Seattle Liberation Front (òg kjend som «The Seattle Seven»). Dei høgprofilerte og politisk svært venstreorienterte synspunkta hans blir oppfatta som svært kontroversielle av mange innanfor meir høgreorienterte jødiske krinsar. I samband med dette blir ofte statusen hans som rabbinar trekt i tvil, sjølv om han fekk denne ved semikhá (personleg ordinasjon) frå rabbinar Zalman Schachter-Shalomi ein rabbinar med semikhá frå Chabadrørsla.

Denne artikkelen handlar om rabbinaren Michael Lerner. For andre personar med same namn, sjå Michael Lerner (fleirtyding).
Kjappe fakta
Remove ads

Religiøst syn

I jødisk meinigheitssamanheng er Lerner talsmann for Jewish Renewal-rørsla ei rørsle han skildrar som «positiv jødedom» som avviser «etnosentriske» haldningar som han hevdar er utbreidde i andre jødiske grupper. Publikasjonane hans talar for «ei ansvarleg haldning til verda» blant jødar, muslimar og kristne.

Politisk syn

Syn på sionismen

Lerner er erklært sionist, men har kritisert sterkt visse aspekt av den mest konvensjonelle politiske sionismen. Han meiner at denne i for stor grad byggjer på jødisk nasjonalisme gjennom å nekte palestinarane si historie til fordel for arbeidet for ein sterk jødisk stat. Mange politiske sionistar reknar Lerner som ein antisionist.

Lerner og the Tikkun Community er mot israelsk kontroll over Gaza og Vestbreidda; dei meiner at Israel bør vera heimlandet for både jødar og palestinarar i ein felles einskapsstat det vil seie at alle palestinarar ville få israelsk statsborgarskap. Dette ville føre til eit palestinsk fleirtal, og kritikarane hans peiker på at dette ville øydeleggje moglegheita for Israel å eksistere som verdas einaste jødiske stat. Inntil ein slik einskapsstat blir politisk mogleg, støttar Lerner tostatsløysinga Israel/Palestina.

Syn på venstre-antisemittisme

Lerner har òg uttalt seg svært kritisk om venstreorienterte antikrigsgrupper der det frå 1980-åra av har vorte stadig vanlegare med ope antisemittiske talemåtar, påstandar og krav. Nyleg kritiserte Lerner den nystalinistiske gruppa International ANSWER og hevda at avgjersla deira om å nekte han å tala under demonstrasjonane deira mot invasjonen av Irak i 2003 kom av at han er ein erklært talsmann for eksistensretten til Israel.

Remove ads

Bibliografi

  • 1994 Jewish Renewal: A Path to Healing and Transformation. Putnam Adult, 1994. ISBN 0-399-13980-X (ib.)
  • 1997 Health, Healing and Beyond : Yoga and the Living Tradition of Krishnamacharya. Aperture, 1997. ISBN 0-89381-731-7 (ib.)
  • 2000 Spirit Matters. Walsch Books, 2000. ISBN 1-57174-195-X (ib.)
  • 2003 Healing Israel/Palestine: A Path to Peace and Reconciliation. North Atlantic Books, 2003. ISBN 1-55643-484-7 (hf.)
  • 2006 Left Hand of God, The : Taking Back Our Country from the Religious Right. HarperSanFrancisco 2006. ISBN 0-06-084247-4 (ib.)

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads