Michael Phelps
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Michael Fred Phelps II (fødd 30. juni 1985 i Towson) er ein amerikansk symjar som held ei rekkje verdsrekordar i symjing. Det amerikanske tidsskriftet «Swimming World» har kåra Phelps til «World Swimmer of the Year» i åra 2003, 2004 og 2006, og «American Swimmer of the Year» i åra 2001 til 2007, unnateke 2005.

Foto: Karen Blaha
Remove ads
Historikk
Barne- og ungdomskarriere
Som liten vart Phelps diagnosert med Attention-Deficit Hyperactivity Disorder, eller ADHD.[1] Han starta symjing som sjuåring for å ha noko å få ut energien på. Dessutan var båe dei to eldre systrene habile symjarar, den eine var nær å bli tatt ut til sommar-OL i Atlanta i 1996 før ei skade øydela for karrieren hennar.
Som 10-åring sette Michael Phelps nasjonal rekord for aldersgruppa han symde i. Då han var 15, hadde han alt kvalifisert han seg for sommarleikane i 2000 som fann stad i Sydney.[2] Her var han den yngste amerikanske herresymjaren på 68 år. Sjølv om han ikkje vann, vart han nummer fem på 200 m butterfly.
I november 2004 vart Phelps teken for å ha køyrt i påverka tilstand. Han sa seg skuldig og vart dømd til 250 dollar i bot og 18 månaders samfunnsteneste der han måtte tale for studentar på high school om faren ved å køyre påverka av rus, pluss at han måtte ta del på eit møte hjå Mothers Against Drunk Driving ('mødre mot fyllekøyring').[3][4] Då han seinare den månaden var gjest i det amerikanske fjernsynsprogrammet The Today Show sa Phelps at det heile var ein eingongstilfelle og at han hadde skuffa både seg sjølv og familien, jamvel mange amerikanarar.
Dei olympiske sommarleikane i Aten 2004
I Sommar-OL i Aten i 2004 vann Phelps åtte medaljar, seks var gull og to bronse.[5] Dette er like mange medaljar i eit OL som sovjetiske Aleksander Ditiatin fekk under dei olympiske sommarleikane i Moskva i 1980.[6]
Dei olympiske sommarleikane i Beijing 2008

Phelps kvalifiserte seg for åtte symjetevlingar under sommar-OL i Beijing.[15]
Phelps vann åtte gullmedaljar i Beijing, der sju av dei har vore verdsrekordar og ein olympisk rekord. Dermed ligg han framfor Mark Spitz om flest gullmedaljar frå eitt og same OL. Med 14 olympiske gull til saman, har Phelps skrive seg inn i idrettshistoria som den utøvaren med flest olympiske gullmedaljar til saman.[24]
Remove ads
Olympiske medaljar
Sommar-OL 2004
USA
Sommar-OL 2008
USA
Sommar-OL 2012
USA
Remove ads
Referansar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads