Michael Stifel
tysk matematikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Michael Stifel (1486/1487–19. april 1567) var ein tysk matematikar og teolog.
Han var først munk og seinare ein ivrig deltakar i reformasjonsrørsla. Han var ein nær ven av Martin Luther og skreiv fleire kampskrifter for å støtte saka hans. Stivel gav seg hen til mystiske talspekulasjonar og skapte panikk då han brukte dei til å føresjå ein bestemt dag for verdas undergang. Han vart fengsla og seinare lauslaten ved hjelp av Luther.
Stivel var ein dugande matematikar. Philipp Melanchthon skreiv føreordet til hans Arithmetica Integra i 1544 og året etter kom hans Deutsche Arithmetik ut. Denne var viktig for utviklinga av reknekunsten i Tyskland.
Remove ads
Kjelder
- Michael Stifel. (2012-01-14) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/Michael_Stifel
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads