Michelle Phillips

From Wikipedia, the free encyclopedia

Michelle Phillips
Remove ads

Michelle Phillips (fødd 4. juni 1944 som Holly Michelle Gilliam) er ein USA-amerikansk songar, låtskrivar og skodespelar. Ho vart kjend som vokalist i kvartetten The Mamas & the Papas midt i 1960-åra. Ho fekk seinare suksess som skodespelar i film og fjernsyn i 1970-åra.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Ho kom frå Long Beach i California og voks opp i Los Angeles og Mexico by i lag med faren, som var enkemann. Ho arbeidde som modell i San Francisco, der ho møtte og gifta seg med John Phillips i 1962, og i lag skipa dei vokalgruppa The Mamas & the Papas i 1965. Bandet slo gjennom med populære singlar som «California Dreamin'» og «Creeque Alley», som Phillips var med å skrive. Dei gav ut fem studioalbum før dei vart oppløyste i 1970. Michelle Phillips er det einaste medlemmet frå bandet som framleis er i live. Med John Phillips fekk ho dottera Chynna Phillips, som er songar.

Etter The Mamas & the Papas vart oppløyst og ho skilde seg frå John Phillips, gjekk over til å bli skodespelar og spelte i The Last Movie (1971) før ho fekk rolla som Billie Frechette i filmen Dillinger (1973). For denne rolla vart ho nominert til ein Golden Globe. Ho spelte sidan i mange filmar i 1970-åra som Ken Russell sin Valentino (1977), Natacha Rambova og thrilleren Bloodline (1979). Ho gav ut det første og einaste soloalbumet sitt, Victim of Romance, i 1977.

Phillips vart ein av dei faste skodespelarane i serien Knots Landing frå 1987 til 1993, der ho spelte Anne Matheson. Sidan har ho spelt i komedien Let It Ride (1989) og den psykologiske thrilleren Scissors (1991).

Remove ads

Diskografi

Solo

  • Victim of Romance (1977)

Solosinglar

Meir informasjon Singel, År ...
Remove ads

Filmar

Film

Meir informasjon År, Film ...

Fjernsyn

Meir informasjon År, Serie ...
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads