Mick Gallagher
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Michael William «Mick» Gallagher (fødd 29. oktober 1945) er ein britisk hammondorgel-spelar og best kjend som medlem av Ian Dury and the Blockheads[1] and og for bidraga sine til to album av the Clash. Han har òg skrive musikk for filmar som Extremes (1971) og After Midnight (1990), samt Broadway-stykket Serious Money (1988).
Remove ads
Remove ads
Biografi
Mick Gallagher starta karrieren sin med The Unknowns. Han spelte med the Animals i 1965, og erstatta då Alan Price. Han gjekk så vidare og starta The Chosen Few, der han spelte i lag med Alan Hull, som seinare starta Lindisfarne. Andre musikarar han var knytt til var Skip Bifferty, Peter Frampton's Camel og Cochise.[2]
Han vart så medlem av Ian Dury and The Blockheads. Han spelte på to av dei mest innverknadsrike albuma til The Clash, London Calling (1979) og Sandinista! (1980),[3] og spelte konsertar med bandet. Han spelte òg på det siste albumet deira, Cut the Crap (1985), men står ikkje oppført i omslaget for dette.
Gallagher arbeidde med Clash-trommslagar Topper Headon igjen då dei spelte inn Headon sitt Waking Up (1986), i lag med Bobby Tench og Jimmy Helms. Han har òg spelt med Paul McCartney, Robbie Williams, Dave Stewart og Annie Lennox. I nyare år har han spelt med The Blockheads og John Steel sitt The Animals and Friends.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads