Midgard

From Wikipedia, the free encyclopedia

Midgard
Remove ads

Midgard (norrønt Miðgarðr) er i norrøn mytologi menneska sin buplass, som æsene bygde av Yme sin lekam.[1] Midgard ligg utanfor Åsgard, mellom gudeheimen og jotunheimen. Midgard ligg midt i det norrøne verdsbiletet.

For J.R.R. Tolkien sitt oppdikta kontinent, sjå Middle-earth.
Thumb
Ei skjematisk framstilling av dei ni verdene i norrøn mytologi plasserer Midgard i midten
Thumb
Yggdrasil held verda oppe, Midgard i midten kviler på røtene av treet
Remove ads

Namnet

Omgrepet Midgard er svært gamalt. Ein finn det i fleire germanske språk, og tidlegast i Codex Argenteus frå 333. Her opptrer ordet Midjungards, som er gotisk for Midgard, i Juleevangeliet.[2]gamalengelsk er omgrepet Middangeard («kosmos»),[2] som vart til Middle-earth i Tolkien si diktarverd. Sjølv om omgrepet ikkje er å finne i skandinaviske kjelder før i det 11. hundreåret så er det utvilsamt eit gamalt germansk omgrep.

Remove ads

I Edda-litteraturen

Midgard er nemnd tidleg i dei gamle Eddadikta. Voluspå beskriv det såleis: ... men gras var ikkje / før Burs søner baud / bøar seg lyfte, / dei som Midgard / mætan skapte.[3][4] (Burs søner tyder gudane Odin, Ve og Vilje). Skapinga av Midgard er også omtalt i diktet Grimnesmål, vers 40-41.[5]

Om staden

Midgard ligg midt i verda. Her bur både æser, menneske, vanar og alvar. Ein mur til vern mot Utgard (også kalla Jotunheimen) er skapt av augebryna til urguden Yme. Åsgard ligg midt i Midgard, og i Åsgard ligg Valhall.[6]

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads