Midtre Gauldal kommune
kommune i Trøndelag fylke i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Midtre Gauldal er ein kommune i Trøndelag fylke. Han grensar mot kommunane Melhus og Selbu i nord, mot Holtålen i aust, mot Os og Tynset i sør, og mot Rennebu og Orkland i vest.
Talet på innbyggjarar var 5950 per 1. januar 2009. Kommunesenteret er Støren. Midtre Gauldal ligg langs E6 fem mil sør for Trondheim.
Remove ads
Historie
Kommunehistorie
Midtre Gauldal kommune vart oppretta i 1964 etter at kommunane Støren, Soknedal, Singsås og Budal slo seg saman.
Samfunn
Kommuneadministrasjonen ligg på Støren, cirka 50 km sør for Trondheim. På Støren finn ein eit utdanningssenter med barne- og ungdomsskole samt ein vidaregåande skole med ei mengde linjer. Gjennom kommunen renn fleire vassdrag, dei største er Gaula, Sokna og Bua i Sørtrøndelag som alle er gode lakseelvar.
Kommunen består i hovudsak av fylgjande område: Budal, Singsås, Støren og Soknedal.
Remove ads
Næringsliv
Kyllingindustri er ei stor næring i kommunen, særleg representert ved storbedriften Norsk Kylling. Andre store bedrifter i kommunen er Støren Trelast og Støren Treindustri
Geografi
Forollhogna nasjonalpark ligg delvis i kommunen.
Elvar, fjell og vatn
Kultur

Tusenårsstad
Kommunens tusenårsstad er Buosen (eller Buaneset), ein friluftsscene like ved elva Gaula. Staden er omtala i Snorres kongesoger.
Buosen ligg på Rognes cirka ei mil søraust for Støren i retning Røros.
Idrettslag
- Støren Sportsklubb
- Sokna Idrettslag
- Rognes Idrettslag
- Budal Idrettslag
- Singsås Idrettslag
Korps
- Støren Skolekorps
- Støren Musikkorps
- Soknedal Skolekorps
- Budal Skolekorps
- Singsås Skolekorps
Remove ads
Kjende personar frå Midtre Gauldal kommune
- Marit Bjørgen, verdsmeister i langrenn, kjem frå Rognes
- Svein Tore Samdal, trenar for damelandslaget i langrenn
- Magnar Solberg, olympisk meister i skiskyting
- Henrik O. Anshushaug, skyttarkonge.
- Tor Lian, president i Det europeiske håndballforbundet
- Ole Reitan, kjøpmann (Soknedal)
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads