Mikis Theodorakis
gresk komponist og politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Mikis Theodorakis (29. juli 1925–2. september 2021) var ein internasjonalt anerkjent gresk komponist og tidlegare politikar i Hellas. Han var først og fremst kjend som komponist og har sjølv komponert flere verk som har vore med å definera og gjera kjent gresk samtidsmusikk for heile verda. Theodorakis var samtidig også kjent for å ha dirigert mange ulike framføringer av kjente greske verk, til dømes «O Kaimos» ved Likavittou-teateret i 2001.[1]
Musikken hans kan skildrast som lett og positiv, med tydelege fengjande rytmar. Eit sentralt instrument i mykje av musikken hans har vore det det tradisjonelle greske instrumentet bouzouki. Han debuterte i 1960 med albumet Epitaphios.[2]
Eit av dei best kjente verka hans er filmmusikken til Zorba the Greek av Michael Kakoyianni, som er basert på romanen til Nikos Kazantzakis om bonden Alexis Zorba.[3]
I dei seinare åra i livet heldt Theodorakis fram med å ta del i musikalske arrangement, sjølv om han ikkje gjorde det like hyppig som før.
I 1983 vart han tildelt Leninprisen av Sovjetunionen, og i 2000 vart han nominert til Nobelprisen for fredsarbeid.
Remove ads
Mikis Theodorakis vart fødd 29. juli 1925 på øya Khios i Egearhavet. Mora hans var frå Khios og faren frå Kreta.
I 1953 gifta han seg med Myrto Altinoglou, og saman fekk dei to barn: Georg Theodorakis, og Margarita Theodorakis.
Innafor politikken har han halde ein tydeleg venstreorientert ståstad. Han engasjerte seg for første gong under den andre verdenskrigen då han melde seg inn i det greske kommunistpartiet KKE, på trass av den tyske okkupasjonen. Dette viser tydeleg kor samfunnsengasjert han var, noko som kjem fram i mykje av musikken hans.
Gjennom livet har han halde eit filososialistisk synspunkt. Etter den andre verdenskrigen, då det var borgarkrig i Hellas og den borgarlege sida ende opp med å ta makta i 1949, vart Theodorakis torturert og send i eksil på øya Makronisos.
Han hadde også eit langt og vennleg forhold med Cuba sin daverande kommunistiske statsminister, Fidel Castro. Samtidig har han bytta parti fleire gonger. I 1964 vart han vald in til det greske parlamentet for det meir moderate partiet EDA. Og i 1981, etter den greske juntaen, representerte han det sosialdemokratiske partiet PASOK. Grunna ein låg oppslutnad for partia på venstresida i 1989, valde Theodoraki å bli statsråd for Nytt Demokrati sin regjering (søsterpartiet til Høgre), leia av Konstantin Mitsotakis.[4]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads