Mílos

From Wikipedia, the free encyclopedia

Mílosmap
Remove ads

Mílos (gresk Μήλος) er ei vulkansk øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet. Ho vart tidlegare kalla Melos og før det athenske folkemordet i 416 fvt. Malos.

Kjappe fakta Mílos Lokalt namn Μήλος, Geografi ...

Mílos er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Mílos i periferien Dei sørlege egeiske øyane. Mílos er hovudstad i periferieininga.[2] Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen Mílos 5 302 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 830 innbyggjarar.[1]

Øya er kjend for statuen Venus de Milo (som står i Louvre) og statuane av Asklepios, som i dag står i British Museum, og Poseidon og ein gamal Apollon i Aten.

Remove ads

Geografi

Thumb
Øyane Mílos, Kímolos (i nord), Polýegos (i aust) og Andímilos (i vest).

Mílos er den sørvestlegaste øya i Kykladane og ligg 120 km aust frå kysten av Lakonía. Frå aust til vest måler ho 23 km, frå nord til sør 13 km. Ho har eit areal på 160 km². Store delar av øya er kupert og åslendt og det høgaste punktet er fjellet Profítis Ilías med 748 moh, som ligg i vest. Øya har vulkansk opphav og har bergartar som tuff, trakytt og obsidian. Den naturlege hamna er gropa i krateret og har eit djup på 50 til 130 meter. Krateret delar øya i to delar med eit eid som berre er 18 km breitt. I ei av grottene på sørsida av øya er varmen frå vulkanen framleis stor og på austsida av øya finn ein varme svovelhaldige kjelder.

Andímilos eller Antimelos ligg 20 km nordvest for Mílos og er øy utan folk som ofte vert kalla Erimómilos (Ørkenmilos). Kímolos ligg 1,5 km mot nordaust og var i antikken kjend for fiken. Polýegos ligg 2 km søraust for Kímolos igjen.

Remove ads

Landsbyar

Hamnelandsbyen heiter Adámas, og ovanfor hamna ligg eit platå der hovudbyen Pláka ligg. Den antikke byen Mílos låg nærare hamna.

Historie

Plasseringa til Mílos mellom Hellas og Kreta, og på grunn av dei store mengdene obsidian, gjorde henne til eit viktig senter for den tidlege egeiske siviliasjonen. Ved staden Fylakopi frå bronsealderen på nordaustkysten har ein funne ein bymur og eit palass av den minoiske siviliasjonen, i tillegg til nokre fresker.

Antikvitetane vart funne frå tre forskjellige periodar som alle var før den mykenske tidsperioden i Hellas. Mykje keramikk vart funne, mellom anna med utradisjonell utforming og blomsterdekor.

I antikken var øya først okkupert av dorianarar frå Lakonía. På 500-talet fvt. vart det igjen produsert usedvanlege vasar med stor storleik og mytologisk og orientalisert dekor.

Sjølv om Mílos sende hjelp til den greske flåten ved Salamína, vart ho ikkje med i Det athenske sjøforbundet og prøvde å halde seg nøytrale i peloponnesarkrigen. I 415 fvt. gjekk derimot athenarane til åtak på øya og tvinga innbyggjarane til å overgje seg, slakta ned alle menn som kunne bere våpen og gjorde slavar av kvinner og born. Deretter sette dei i land 500 athenske kolonistar. Lysander erobra øya tilbake for dei doriske innbyggjarane, men ho klarte aldri å få tilbake sin tidlegare velstand.

Det var mange jødiske busetnadar på Milos på byrjinga av den kristne tida og kristendomen vart innført tidleg. Under perioden med Det latinske riket vart øya ein del av Hertugdømmet Náxos, bortsett frå eit par år (1341-1383) då ho var under eit anna herskap under Marco Sanudo og dottera hans. I dag har øya om lag 5 000 innbyggjarar.

Byar og tettstader

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Meir informasjon Tettstad, Folketal 2011 ...

Andre busetnader på øya:

  • Apollónia (268)
  • Zefyría (190)
  • Katsarónas (119)
  • Mýtikas (57)
  • Kánava (37)
  • Provatás (33)
  • Kómia (24)
  • Psathádika (24)
  • Pákhena (17)
  • Paliokhóri (17)
  • Mandrákia (13)
  • Ajía Kyriakí (12)
  • Voúdia (11)




Småøyar i kommunen:

  • Andímilos (0)
  • Glaronísia (0)
  • Akráthi (0)
  • Anánes (0)
  • Paximádi (0)
Remove ads

Referansar

Kjelde

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads