Milton Obote

ugandisk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Milton Obote
Remove ads

Milton Obote (28. desember 192410. oktober 2005) var ein ugandisk politikar som var statsminister i landet 1962–1966 og president 1966–1971 og dessutan 1980–1985.

Kjappe fakta

Obote var fødd i Akokoro i Lango-distriktet i Uganda. Han tilhøyrde langofolket.

Milton Obote vart den fyrste statsministeren i det sjølvstendige Uganda i 1962. I 1966 avsette han presidenten og kongen av Buganda, Edward Mutesa II, og utropte seg sjølv til president med sterk presidentmakt. 25. januar 1971 vart Obote avsett i eit statskupp leidd av Idi Amin.

Etter at Tanzania og ugandiske opprørarar styrta det blodige styret til Amin i april 1979, kom Obote tilbake til makta. Styret hans i perioden 1980–1985 var prega av ein blodig borgarkrig med store sivile tap.

I 1985 vart Obote avsett av militære leiarar i hans eigen hær, Tito Okello og Bazilio Olara-Okello. Obote levde deretter i eksil i Zambia resten av livet. Han døydde på sjukehus i Sør-Afrika, nesten 81 år gammal.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads