Jitterbuggare
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Jitterbuggare eller mini-jitterbuggare er ei svensk småkake med spiralform som blir danna av mørdeig og marengs.[1]
Kakene blir laga av ein utkjevla mørdeig av mjøl, sukker, smør og egg eller eggepplomme og eit lag marengs av eggekvit og sukker. Laga blir rulla saman og så delt i skiver som ein steiker til sprøe kaker.[2][1]
Kakene har vore populære i Sverige sidan 1940-talet til fika eller kafferep.[2] Jitterbugs var tittelen på ein Helan og Halvan-film frå 1943. Dansen jitterbug var også populær på denne tida,[3] og skal vera opphavet til namnet.[4]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads