Misionesprovinsen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Misionesprovinsen
Remove ads

Misiones (spansk uttale [miˈsjones]) er ein av dei 23 provinsane i Argentina. Han ligg nordaust i landet, inneklemt mellom Paraguay og Brasil. Sørvest for Misiones ligg provinsen Corrientes.

Kjappe fakta Land, Hovudstad ...

Provinsen er oppkalla etter jesuittmisjonen som dreiv misjon blant guaranífolket i regionen.

Den største turistattraksjonen i Misiones er Iguazúfalla lengst nord i provinsen, ved grensa til den brasilianske delstaten Paraná. Fossefalla har vore på UNESCOs verdsarvliste sidan 1984.[2]

I Misiones finst også nokon av dei siste restane av den indre atlanterhavsskogen.

Remove ads

Geografi og Klima

Thumb
Klimadiagram, Posadas

Misiones er avgrensa av elvane Paraná og Uruguay. Berre i nordaust finst eit kort område kvar grensa til Brasil ikkje følgjer eit vassdrag.

Terrenget er kupert og delvis fjellrikt. I sør og midt i provinsen ligg fjellkjeda Sierra de Misiones, og i nord strekk Sierra de la Victoria seg frå aust til vest. Høgaste punktet er Cerro del Rincón på 843 meter, som ligg nær byen Bernardo de Irigoyen.

Området er stort sett dekt av fuktig skog og regnskog, bortsett frå areala som er brukte til jordbruk. For å verne den artsrike floraen og faunaen vart Iguazú nasjonalpark oppretta lengst nord i provinsen. Her ligg Iguazú-fossefalla, som er blant dei mest vassrike i verda og eit populært turistmål.

Klimaet er subtropisk og fuktig heile året, med relativt små sesongmessige variasjonar. Temperaturen ligg i gjennomsnitt på 26 °C om sommaren og mellom 15 og 17 °C om vinteren. Årleg nedbørsmengd ligg mellom 1500 og 1800 mm.

Remove ads

Økonomisk viktige byar

Posadas, provinshovudstaden med rundt 393 000 innbyggjarar, er eit administrativt og industrielt senter i det sørvestlege hjørnet av provinsen.

Oberá, ein agroindustriell by i det sentrale høglandet, med ca. 122 000 innbyggjarar.

Eldorado i nordvestlege delen av provinsen, ein landbruksdominert tidlegare tysk koloni, med ca. 92 000 innbyggjarar.

Puerto Iguazú, grenseby til Brasil nær Iguazú nasjonalpark, prega av handel og turisme, med ca. 100 000 innbyggjarar.

Alle folketal etter folketeljinga i 2022.[3]

Remove ads

Historie

Provinsen har fått namn etter jesuittmisjonen, eller jesuittreduksjonane, som fann stad i regionen frå 1609 til 1767. Frå 1768 vart misjonen leidd av den spanske koloniforvaltninga. Av dei 15 misjonsstasjonane i Argentina låg elleve i Misiones. Fire av desse vart i 1984 oppførte på UNESCOs verdsarvliste: San Ignacio Miní, Nuestra Señora de Santa Ana, Nuestra Señora de Loreto, Santa María la Mayor.

I 1814 erklærte Gervasio Posadas, leiaren for Dei sameinte provinsane ved Rio de la Plata, at Misiones skulle innlemmast i den argentinske provinsen Corrientes. På den tida var Argentina i praksis uavhengig, men nominelt framleis ein spansk koloni. Argentina utøvde likevel ingen reell kontroll over Misiones, som var omstridd mellom fleire land og i praksis sjølvstyrt. I 1830 tok argentinske styrkar frå Corrientes kontroll over Misiones.

I 1838 okkuperte Paraguay Misiones og gjorde krav på området med den grunngivinga at folkesetnaden i Misiones bestod av urfolksgruppa guarani, Paraguay sin største etniske gruppe. I 1865 invaderte paraguayanske troppar igjen Misiones, noko som førte til trippelalliansekrigen som varte til 1870. Etter Paraguays nederlag og fredsavtalen med Argentina, til slutt underteikna i 1876, gav Paraguay opp kravet sitt på Misiones.

Etter det følgde innvandring, særleg frå Europa, hovudsakleg via Sør-Brasil. Andre kom frå Buenos Aires og Aust-Europa, spesielt ei stor gruppe polakkar og ukrainarar.

I 1953 fekk Misiones status som provins i samsvar med lov 14.294, og grunnlova i provinsen vart vedteken 21. april 1958.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads