Misty

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Misty» er ein jazzstandard skriven i 1954 av pianisten Erroll Garner. Han vart opphavleg skriven som ein instrumental i den tradisjonelle 32-taktsforma og først spelt inn for Garner-albumet Contrasts i 1955. Johnny Burke skreiv seinare ein tekst til melodien og han vart ein signaturlåt for Johnny Mathis, og var med på albumet hans Heavenly frå 1959. Songen nådde 12. plassen på poplista i USA seinare det året. Country- og popsongaren Ray Stevens nådde 14. plassen i USA med ein versjon av «Misty» i 1975 på Billboard Hot 100. Songen har blitt spelt inn mange gonger, mellom anna i versjonar av Frank Sinatra, Ella Fitzgerald og Sarah Vaughan.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Johnny Mathis-versjoonen

Johnny Mathis hadde høyrt Erroll Garner spele songen, og fortalte han at han ønskte å syngje songen om Garner fekk skrive ein tekst for han. Garner var til stades då Mathis seinare spelte inn songen.[1]

Sjølv om det alt var gjeve ut fleire versjonar,[1] populariserte Mathis-versjonen frå 1958 denne nesten ukjende Garner-songen og inspirerte Clint Eastwood til å bruke songen i filmen hans Play Misty for Me, ein lågbudsjettsfilm som vart ein storseljar. Eastwoord, som var fan av Mathis, enda opp med å betale ein liten sun for Garner-innspelinga i filmen. Mathis-innspelinga av «Misty» selde over to millionar eksemplar berre i USA.

Songen er mest knytt til Mathis, trass i mange innspelingar av andre artistar gjennom åra. Johnny Mathis-versjonen av songen vart innlemma i Grammy Hall of Fame i 2002. Versjonen hans vart nytta i filmen Silver Linings Playbook i 2012.

Lister

Meir informasjon Liste (1959–60), Plassering ...
Remove ads

Ray Stevens-versjonen

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

I 1975 gav Ray Stevens ut ein livleg country-versjon av songen. Songen er tittelsporet på det tolvte studioalbumet hans. Stevens sa at songen vart spelt inn på det andre forsøket, då han eksperimenterte i studioet. Versjonen hans vann ein Grammy i kategorien årets musikkarrangement.[2]

Lister

Meir informasjon Liste (1975), Plassering ...
Remove ads

Andre versjonar

«Misty» har blitt spelt inn mange gonger, av artistar som:

  • Ella Fitzgerald (1959)
  • Sarah Vaughan (1959)
  • Billy Eckstine (1960)
  • Andy Williams
  • Frank Sinatra
  • The Students
  • Earl Grant (1961)
  • Della Reese (1962)
  • Lloyd Price (1963)
  • Richard «Groove» Holmes (1965)
  • Donny Hathaway (1970) som ein gospelsong, og Johnny Hartman (1971).
  • Lesley Gore spelte ein versjon av songen på debutalbumet I'll Cry If I Want To frå 1963.[8]
  • Joni James spelte ein versjon av «Misty» akkompagnert av akustisk gitar på albumet hennar Like 3 O'Clock in the Morning frå 1963.
  • Ein versjon av Julie London og ein instrumentalversjon av The Shadows.
  • Stan Kenton spelte ein versjon av songen på albumet Adventures In Jazz frå 1962.
  • Erroll Garner-versjnen av songen vart innlemma i Grammy Hall of Fame i 1991.[9]
  • Episode 309 av The Muppet Show inneheld ein kort konsert med Liberace, som spelar songen.
  • Songen spelar ei viktig rolle i filmen Play Misty for Me (1971). Clint Eastwood og Universal betalte $25 000 for å få bruke songen i filmen.
  • I ein episode i 1976 av Saturday Night Live er det ein kortfilm av Gary Weis—kalla Play Misty for Me—der forskjellige versjonar av songen vert framført av forskjellige artistar.
  • Isaac Hayes spelte songen på debutalbumet sitt Presenting Isaac Hayes frå 1968 i ein medley med «I'm Going to Chicago Blues».
  • I ein scene frå den 20. epsiode i femte sesongen[10] av Magnum, P.I., vert Tom Selleck, som Magnum, tvungen til å syngje dei første par linjene av songen i ein karaokebar.
  • Dorothy Ashby spelar songen på albumet Django/Misty i 1984.
  • I ein episode av Cheers frå 1986 kalla «Cliffie's Big Score» er det ein scene der Cliff Clavin (John Ratzenberger) syng songen medan han prøver å forføre Diane Chambers (Shelley Long) i bilen sin.
  • Little Willie Littlefield spelte inn ein versjon av songen i 1990 for albumet Singalong with Little Willie Littlefield.
  • I 1993 spelte gitaristen Larry Coryell songen for albumet Fallen Angel.[11]
  • I 1993 spelte altsaksofonophonist Dave Koz songen for albumet Lucky Man.[12]
  • Clay Aiken spelte inn songen i 2010 for albumet Tried and True.
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads