Mjosundet Båt og Hydraulikk AS
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Mjosundet Båt og Hydraulikk AS, tidlegare Mjosundet Båtbyggeri A/L, er eit skipsverft i Mjosundet på Ertvågsøya[1]. Føretaket vart stifta i 1926 av Klaus Ås, og dreiv i mange år med bygging av små trebåtar. Seinare vart det bygd større båtar og i dag er produksjonen konsentrert om aluminiumsbåtar og hydraulisk dekksutstyr. Andre produkt er sidepropellar og frekvensstyrte rulledempingstankar. Føretaket leverer ein stor del av produksjonen til fiskeflåten, men har òg levert til sjøforsvaret. Dei 9 mineryddingsfartøya som vart bygd ved Kværner Mandal, til dømes, er utstyrte med hydraulisk dekksutstyr frå Mjosundet Båt og Hydraulikk.
I byrjinga av 1950-talet utvikla Ås ein ny nate-metode for å binda saman spanta på trebåtar. Etter å ha demonstrert metoden for Det norske Veritas var metoden godkjend. Ås tok patent på metoden, som etter kvart vart utbreidd over heile Noreg[1].
Remove ads
Referansar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads