Moderata samlingspartiet
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Moderata samlingspartiet (m), mest kjent under namnet moderaterna, er eit svensk politisk parti, som vart grunnlagt i 1904 under namnet Allmänna valmansförbundet. Partiet står for liberalkonservatisme og ligg tradisjonelt til høgre i svensk politikk (frå 1938 til 1969 var også ordet «höger» i partinamnet). Det er det tredje største partiet i den svenske riksdagen (etter Sverigedemokraterna og Socialdemokraterna).[3] Før dette var moderaterna i regjering frå 1991 til 1994 (sjå regjeringa Carl Bildt), og frå 2006 var partiet med i den borgarlege koalisjonen Allians för Sverige fram til 2014.
Remove ads
Moderaterna danna i 2022 ei regjering saman med Liberalerne og Kristdemokraterna, og Sverigedemokraterna som støtteparti.[4]
Remove ads
Ideologi
Ideologien til moderaterna er offisielt liberalkonservatisme. Om det ideologiske tyngdepunktet ligg på liberalisme eller konservatisme, er omstridt. Somme meiner at partiet i Fredrik Reinfeldt si leiartid gjekk vekk frå nyliberalisme og nærma seg sosialkonservatisme eller sosialliberalisme. Moderaterna har likevel ikkje fått nytt partiprogram, dessutan finst det mange nyliberalistar i leiande posisjonar i partiet. Nyliberalismen dominerer framleis også i ungdomsforbundet MUF. Medlemsbladet til moderaterna heiter Medborgaren.
Remove ads
Namnehistorikk
Partileiarar
- Gustaf Fredrik Östberg, 1904-1905
- Axel Svedelius, 1905-1906
- Hugo Tamm, 1907†
- Gustaf Fredrik Östberg, 1908-1912
- Arvid Lindman, 1912-1917
- Olof Jonsson i Hov, 1917
- Arvid Lindman, 1917-1935
- Gösta Bagge, 1935-1944, motkandidat Ivar Anderson
- Fritiof Domö, 1944-1950
- Jarl Hjalmarson, 1950-1961
- Gunnar Heckscher, 1961-1965, motkandidat Leif Cassel
- Yngve Holmberg, 1965-1970
- Gösta Bohman, 1970-1981, motkandidat Yngve Holmberg
- Ulf Adelsohn, 1981-1986
- Carl Bildt, 1986-1999, motkandidat Ingegerd Troedsson
- Bo Lundgren, 1999-2003
- Fredrik Reinfeldt, 2003-2015
- Anna Kinberg Batra, 2015-2017
- Ulf Kristersson, 2017-
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads