Modulvogntog
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Modulvogntog er eit norsk omgrep for spesielle, ekstra lange og tunge vogntog som i utgangspunktet ikkje er tillatne på norske vegar. Frå 1. juni 2008 vart det starta ei prøveordning for modulvogntog med maksimal lengd på 25,25 m og med ein masse på inntil 60 tonn[1]. Modulvogntog kan førebels berre nyttast på spesielt godkjende vegar, men Statens vegvesen vurderer, på oppdrag frå Samferdselsdepartementet, ei utviding av vegnettet.


I Sverige kan ordinære vogntog ha ei lengd på opp til 25,25 m [2], men opp til 24 m om visse krav vert tilfredsstilte, og ein masse på opp til 60 tonn [3], men det vert gjort forsøk med modulvogntog med ei største lengd på 30 m og ein største masse på 90 tonn [4].
Andre europeiske land vurderer òg innføring av modulvogntog. Frankrike til dømes vurderer innføring av modulvogntog av same storleik som i Noreg [5].
Remove ads
Galleri
- Scania 113 trekkvogn med to semitrailerar (type B).
- Scania trekkvogn med semitrailer på dolly (type D).
Kjelder
Sjå òg
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads