Molat

From Wikipedia, the free encyclopedia

Molat
Remove ads

Molat er ei øy i Adriahavet ved kysten av Kroatia. Ho ligg nær Zadar, søraust for øya Ist. Mellom desse øyane ligg sundet Zapundel.

Kjappe fakta Geografi, Administrasjon ...

Administrativt høyrer Molat til kommunen Zadar i Zadar fylke.[2][3] Ho har eit areal på 22,82 km²[4] og eit folketal på 190 (2021).[1]

Større busetnadar (Molat, Zapuntel og Brgulje) ligg i indre område av øya, og mindre grender ligg langs sjøen. Hovudnæringane på øya er jordbruk, saueavl, fiske og turisme.[5]

Den nordaustlege kysten er stort sett låg med mange viker, medan sørvestkysten er brattare. Øya er stort kledd av ung skog og kratt.

I 1151 vart øya ein del av benediktinarklosteret St. Krševan. Frå 1409 var øya under styret til Republikken Venezia, som leigde øya ut til fleire familiar frå Zadar. Frå 1941 til 1943 var øya ein italiensk konsentrasjonsleir.

Remove ads

Folketal

Folketalet i busetnadene på øya ved dei siste folketeljingane var:

Meir informasjon Folketal 2001, Folketal 2011 ...

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads