Molde domkyrkje
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Molde domkyrkje er ei kyrkje i Molde, som vart innvigd i 1957 og har sidan 1983 vore domkyrkje for Møre bispedømme. Bygget er ei toskipa langkyrkje i mur (armert betong). Kyrkerommet er 65 meter langt, 25 meter høgt og har 900 sittjeplassar. Det 50 meter høge tårnet er frittståande med urverk og klokkespel. Altertavla er laga av Stinius Fredriksen.
Molde domkyrkje er døme på kyrkjebygg frå gjenreisinga etter andre verdskrigen då arktitekuren var knytt til den tradisjonelle langkyrkjeforma, men med nye materialar som armert betong. Bodø domkyrkje er eit anna døme.[1]
Remove ads
Historie


Foto: Knud Knudsen
Dette er det fjerde kyrkjebygget på denne staden i Molde, litt lenger sør enn dei tidlegare bygga. Til 1900 fungerte grunnen rundt kyrkja som gravplass for byen. Den første kyrkja var ei tømra krosskyrkje reist i 1661–62. Ho vart riven og ei ny sett opp i om lag same stil i 1841–42. 17. mai 1885 brann kyrkja ned, kanskje på grunn av eit skot med saluttkanon. Ei ny langkyrkje i tre var ferdig i 1887, men brann då Molde vart utsett for kraftig tysk bombing under andre verdskrigen. Berre altertavla, Axel Enders «Oppstandelsen», og ein trekross vart redda. Altertavla står i dag ved nordveggen i den nye kyrkja.
Dagens kyrkjebygg vart utforma av Finn Bryn etter ein arkitektkonkurranse, og bygginga tok til åtte år etter frigjeringa. Grunnsteinen vart lagt ned 18. juni 1953 og 8. desember 1957 vart den nye kyrkja innvigd.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads