Moledet i Israel
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Moledet (hebraisk מוֹלֶדֶת, tyder Heimlandet) er ein fellesbusetnad i Nedre Galilea nord i Israel. Han er ein del av Gilboa regionale kommune.
Samfunnet vart grunnlagd som ein kibbutz den 4. juli 1937 som ein del av tårn og palisade-nettverket, og vart kalla opp etter organisasjonen «Moledet» av grunnleggjarane, som var emigrantar til Palestinamandatet frå Tyskland. I 1944 vart samfunnet ein moshav shitufi kalla «Bnei Brit» etter organisasjonen Bnai Brith i USA, som donerte pengar for å kjøpe landområdet. Staden fekk namnet «Moledet-Bnei Brit» fram til 1957 då han fekk namnet «Moledet.»
I 2006 var folketalet 747.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads