Moncalieri

kommune i Italia From Wikipedia, the free encyclopedia

Moncalieri
Remove ads

Moncalieri er ein by i provinsen Torino i regionen Piemonte i Italia. Han har om lag 55 000 innbyggjarar og ligg om lag 9 km sør for Torino. Byen er kjend for slottet som ligg her, bygd på 1100-talet og utvida på 1400-talet. Slottet vart seinare favorittresidensen til Maria Clotilde og Victor Emmanuel II av Italia. Det er ein del av verdsarvstaden Residensane til kongehuset Savoie.

Kjappe fakta Land, Region ...
Remove ads

Historie

Moncalieri vart grunnlagd i 1228 av nokre innbyggjarar frå Testona (i dag ein frazione i kommunen Moncalieri) som ein tilfluktstad for åtak frå Chieri. Den korte vegen til Po og ei bru over ho her gjorde at byen voks godt og etter kvart vart ein fri kommune som husa fleire klosterinstitusjonar.

På 1600-talet kom han inn under Huset Savoie, som ofte budde i slottet her om sommaren. Under samlinga av Italia var han åstad for den kjende kunngjeringa i Moncalieri. Byen har halde på tradisjonen som ein sommarleg ferieby og husar i tillegg mange høgteknologiske bedrifter.

Thumb
Moncalieri-slottet.
Remove ads

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads