Money for Nothing

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads
Remove ads

«Money for Nothing» er ein song av det britiske rockebandet Dire Straits frå albumet deira Brothers in Arms frå 1985. Teksten er skriven frå synspunktet til ein arbeidarklassemann som ser på musikkvideoar og kommenterer det han ser. Innspelinga var kjend for den kontroversielle teksten, den banebrytande musikkvideoen og gjesteframferda til Sting som syng falsettstemma i introen og på refrenga, «I want my MTV». Videoen var òg den første som vart send på MTV Europe då nettverket starta opp den 1. august 1987.[1]

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Han var ein av dei mest suksessrike singlane til Dire Straits, og låg på toppen av singellista i USA i tre veker. I heimlandet til Dire Straits, Storbritannia, nådde singelen fjerdeplassen. «Money for Nothing» vann ein Grammy for beste rockesong av duo eller gruppe i 1986.[2]

Remove ads

Medverkande

Musikk

I innspelinga prøvde Knopfler å etterlikne gitarstilen til ZZ Top-gitaristen Billy Gibbons. Gibbons sa seinare til magasinet Musician i 1986 at Knopfler hadde spurt Gibbons om korleis han kunne få til denne lyden, og la til: «Han gjorde ikkje ein dårleg jobb, når du tenkjer på at eg ikkje fortalte han noko som helst!» Knopfler brukte ein Gibson Les Paul-gitar (i staden for ein Fender Stratocaster), som han plugga i ein Marshall-forsterkar. Ein annan faktor i forsøket på å gjenskape lyden var ein wah-wah-pedal som var skrudd på, men sett til ein fast posisjon.[3]

«Money for Nothing» har eit særs gjenkjenneleg gitarriff som opnar sjølve songen. Songen er òg kjend for den lengre introduksjonen, som vart korta ned for radio og musikkvideo. Gitarriffet kjem att fleire gonger gjennom songen.

Tekst

Mark Knopfler skildra låta i eit intervju i 1984 med journalisten Bill Flanagan:

« Frontmannen i «Money for Nothing» er ein fyr som arbeider i ein elektronikkbutikk. Han syng songen. Eg skreiv songen då eg var i ein slik butikk. Eg lånte litt papir og starta å skrive ned teksten i butikken. Eg ønskte bruke språket som ein verkeleg fyr som arbeidde der brukte, fordi det var meir ekte ...[4]  »

Forteljaren i songen referer til ein musikar som "slår på bongotrommene som ein sjimpanse" («banging on the bongos like a chimpanzee») og skildrar ei kvinne slik: «stickin' in the camera, man we could have some fun». Han skildrar ein songar som "den vesle homsen med øyrering og sminke" («that little faggot with the earring and the make-up»), og klagar over artistar som får "pengar for ingenting og damene gratis" («money for nothing and chicks for free»).[5]

We got to install microwave ovens
Custom kitchen deliveries
We got to move these refrigerators
We got to move these color TV's

Mark Knopfler (1985)

Read more: Dire Straits - Money For Nothing Lyrics | MetroLyrics

I 2000 vart Knopfler intervjua av Michael Parkinson og forklarte igjen opphavet til teksten. I følgje Knopfler var han i New York og stoppa i ein elektronikkbutikk. Bak i butikken hadde dei ein vegg med fjernsyn, som alle synte MTV. Knopfler sa det var ein mann som arbeidde der, kledd i baseball-caps, arbeidsstøvlar og ei rutete skjorte, som leverte boksar. Mannen stod ved sidan av han og medan dei stod der og såg på MTV, hugsar Knopfler at mannen sa ting som «what are those, Hawaiian noises?...that ain't workin'», etc. Knopfler bad om ein penn for å skrive ned somme av desse linjene og nytta dei etter kvart i teksten til musikken.

Mötley Crüe-bassisten Nikki Sixx hevda i eit intervju med Blender at songen handla om livsstilen til bandet, og at Knopfler høyrde nokre arbeidarar i ein butikk som kommenterte ein video av Mötley Crüe.[6]

Forfattarskapen for låtskrivinga er delt mellom Mark Knopfler og Sting.[7] Sting vitja Montserrat under innspelinga av songen og vart invitert til å synge korvokal. Sting har sagt at det einaste han bidrog med var linja «I want my MTV», som følgde melodien frå songen hans «Don't Stand So Close to Me».

Remove ads

Musikkvideo

Musikkvideoen for songen nyttar tidleg dataanimasjon for å illustrere teksten. Videoen var ein av dei første som nytta dataanimerte menneske og vart rekna som banebrytande då han kom ut.

Opphavleg var ikkje Mark Knopfler så entusiastisk kring musikkvideokonseptet. MTV var pågåande og regissøren Steve Barron frå Rushes Postproduction i London vart kontakta av Warner Bros. for å overtyde Knopfler om å gå med på å lage ein video. Barron sa:

« Problemet var at Mark Knopfler var sterkt i mot videoar. Alt han ønskte var å spele, og han trudde at videoane ville øydeleggje reinleiken til låtskrivarane og musikarane. Dei sa: «Kan du overtyde han om at dette er det rette å gjere, for me har spelt denne songen for MTV og dei synest han er fantastisk, men dei ville ikkje spele han om det er han som står der med ein gitar. Dei treng eit konsept».[8]  »

Barron flaug så til Budapest for å overtyde Knopfler om konseptet deira. Dei møttest etter ein konsert og Knopfler var framleis vanskeleg å få med, men denne gongen var kjærasten hans der:

« Heldigvis sa kjærasten hans: «Han har heilt rett. Det finst ikkje nok interessante videoar på MTV og dette høyres ut som ein glimrande idé». Mark sa ingenting, men han fekk meg heller ikkje ut av Budapest. Me berre fortsette og gjorde det.  »

Ian Pearson og Gavin Blair laga animasjonen ved hjelp av eit Bosch FGS-4000 CGI-system.[9] og eit Quantel Paintbox-system.[10] Animatørane grunnla sidan dataanimasjonsstudioet Mainframe Entertainment (i dag Rainmaker Entertainment). Videoen omfatta òg scenebiletet av Dire Straits som spelar, med delvis rotoscope-animasjon i lyse neonfargar, slik ein kan sjå på plateomslaget.

Videoen vart nominert til Årets video (blant mange andre) på den tredje årlege MTV Video Music Award i 1986.[9][11]

Mottaking

Magasinet Rolling Stone førte opp songen som den 94. beste gitarsongen gjennom tidene, og skreiv korleis Mark Knopfler «bytte ut den opphavlege, tradisjonelle tonen med ein tørr, overprosessesert lyd som han fekk ved å køyre ein Les Paul gjennom ein wah-wah-pedal på eit spor som vart ein av dei første hittane på MTV».[12]

Kontrovers

Teksten har støtt nokre lyttarar, særleg gjennom bruken av ordet «faggot», ei nedsetjande nemning for homsar.[13] I eit intervju seint i 1984 i Rolling Stone snakka Knopfler om kontroversen:

« Eg fekk ein protest frå redaktøren i ei homofil avis i London – han sa faktisk det var under beltestaden. Bortsett frå det faktumet at det finst dumme homofile, i tillegg til andre dumme menneske, syner det at kanskje du ikkje kan la det ha så mange tydingar - du må vere direkte. Faktisk er eg framleis delt over om det var ein god ide å skrive songar som ikkje er i førsteperson, å ta andre karakterar. Songaren i «Money for Nothing» er ein ekte ignorant, hjelm-mentalitet - nokon som ser alt på økonomiske måtar. Eg meiner, denne fyren har ein motvillig respekt for rockestjerner. Han ser det i form av, vel, det der fungerer ikkje og likevel er fyren rik: det er ein god svindel. Han er ikkje hånande.[14]  »

Dire Straits spelte ofte songen på konsertane sine, der det andre verset var med, men ofte endra noko.[15]

I januar 2011 avgjorde Canadian Broadcast Standards Council (CBSC) at ein uredigert versjon av songen ikkje var akseptabel for kanadisk radio, sidan det braut Canadian Association of Broadcasters (CAB) sine retningslinjer for etikk og likeverd.[16][17] CBSC konkluderte med at «som andre rasistiske ord i engelsk språk, er 'faggot' eit som kan ha vore heilt og marginalt akseptabelt tidlgeare, men som ikkje lenger er det».[16] Etter mange klagar gjekk CBSC attende på forbodet og let det vere opp til kvar radiostasjon om dei skulle spele songen uredigert eller ikkje.[18]

Remove ads

Parodiar

«Weird Al» Yankovic skreiv ein parodi kalla «Money for Nothing/Beverly Hillbillies*» for filmen UHF frå 1989. Som tittelen indikerer vart teksten til songen ei blanding av kjenningsmelodien frå The Beverly HillbilliesThe Ballad of Jed Clampett») med melodien frå «Money For Nothing». Mark Knopfler og Guy Fletcher spelar gitar og klaverinstrument på innspelinga.[19]

Reel Big Fish sitt album Monkeys For Nothin' And The Chimps For Free frå 2007 speler på teksten i songen.[13]

Remove ads

Lister og salstrofé

Meir informasjon Liste (1985), Plassering ...
Remove ads

Kjelder

Loading content...

Bakgrunnsstoff

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads