Monica Mæland
norsk advokat og politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Monica Mæland (fødd 6. februar 1968)[1] er ein norsk politikar frå Høgre. Ho var næringsminister i regjeringa Solberg frå 2013 til 2018,[2] kommunal- og moderniseringsminister frå 2018 til 2020, og justisminister frå 2020.[3]
I perioden 2003–2013 var Mæland byrådsleiar i Bergen, og sidan 2010 er ho medlem av arbeidsutvalet i Høgres Hovudorganisasjon.
Remove ads
Bakgrunn
Monica Mæland er fødd i Bergen og oppvaksen i Arendal. Ho er utdanna cand. jur. frå Universitetet i Bergen (1994), og dreiv eigen advokatpraksis fram til ho vart kommunalråd i Bergen i 1999. Ho er gift med Tom Schmidt Mæland, og saman har dei to barn.
Politisk karriere
Mæland vart innvald i Bergen bystyre i 1999, og var medlem av bystyret fram til ho vart byrådsleiar i 2003. Det første byrådet hennar vart vald av Bergen bystyre 27. oktober 2003, og var eit mindretalsbyråd samansett av Høgre, KrF og Venstre. 29. oktober 2007 danna ho eit fleirtalsbyråd samansett av Høgre, KrF og Framstegspartiet.
Foto:
Jonny Eriksen
Mæland er den andre byrådsleiaren i Bergen etter at byen innførte parlamentarisme som styreform i 2000. Ho er med dét også den einaste byrådsleiaren som har vunne attval.
Frå 16. mars 2002 til 20. mars 2004 var Monica Mæland leiar i Hordaland Høgre. Før det var ho første nestleiar frå 17. februar 1997.
9. mai 2010 vart Mæland vald inn i arbeidsutvalet i Høgres Hovedorganisasjon.
Remove ads
Politiske saker
Kommuneøkonomi
I 2003 gjekk Bergen Høgre til val med opprydding i kommuneøkonomien som viktigaste sak. Partiet lova å betale ned det oppsamla underskotet til kommunen i løpet av fireårsperioden. Då det første byrådet til Mæland overtok i 2003 viste prognosane at kommunen ville ha eit oppsamla underskot på nær éin milliard kroner.[4]
I det første budsjettet til Mæland I-byrådet vart det kutta 142 millionar kroner i kommunen sitt driftsbudjett for 2004.[5]
Etter to år kunne byrådet legge fram ein rekneskap for 2005 som viste eit driftsoverskot på 445 millionar kroner[6]. Rekneskapen for 2006 viste eit overskot på 619 millionar kroner, det største overskotet i historia til Bergen kommune.[7]
I 2007 var det oppsamla underskotet nedbetalt[8], og 13. august 2007 kunngjorde Fylkesmannen i Hordaland at Bergen kommune vart fjerna frå ROBEK-lista til Kommunal- og regionaldepartementet.[9]
Bybana i Bergen
Bygginga av Bybana i Bergen er ein del av samferdslepakka Bergensprogrammet, og det største samferdsleprosjektet innanfor kommunegrensene til Bergen kommune nokon gong. Bergensprogrammet vart vedteke av Bergen bystyre i 1999, med støtte frå Høgre, Ap og KrF. Bergensprogrammet vart teke inn i Nasjonal Transportplan i 2002.
Det første Mæland-byrådet sendte til Stortinget bompengesøknad for finansiering av det første trinnet av Bergensprogrammet, og arbeidet starta i januar 2008. Bybana vart opna av HM Dronning Sonja 22. juni 2010.[10]
I april 2009 sende Mæland II-byrådet søknad om vidare finansiering av Bergensprogrammet, og med dette den neste bybanetraseen, frå Nesttun til Rådal.[11]
Oppussing av skulebygg
Før valet i 2007 erklærte Monica Mæland at skule skulle vere den viktigaste saka for Høgre i den følgjande valperioden.[12] Mæland II-byrådet sette av 415 millionar kroner til oppussing av skulebygg i Bergen i 2009 og 2010.[13]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads