Nikolai E. Astrup
norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Nikolai Eivindssøn Astrup (fødd 12. juni 1978 i Oslo) er ein norsk politikar frå Høgre. Han var digitaliseringsminister i regjeringa Solberg frå 22. januar 2019, og kommunal- og moderniseringsminister frå 24. januar 2020.[1] Før dette var han utviklingsminister i den same regjeringa.[2]
Treng oppdatering |
Remove ads
Han har vore vald inn på Stortinget frå Oslo sidan 2009, og er også nestleiar i Oslo Høgre frå 2008. Astrup er medlem i Stortingets energi- og miljøkomité, og er Høgres talsmann for desse sakene. Han er dessutan engasjert i EU-saka, og er leiar i Høgres EU-utval.
Remove ads
Bakgrunn
Astrup er son av forretningsmannen Eivind Astrup (fødd 1945)[3] og Vibeke Mortensen (fødd 1947), og ber namnet til faren som patronymikon. Nikolai Astrup gjekk ved Voksen skole 1985–1991 og Hovseter ungdomsskole 1991–1994. Han gjekk på skole i Sveits 1994–1995, og gjekk deretter IB ved Berg VGS 1995–1997. Han har bachelor i internasjonale forhold frå 2000, og master i europeisk politikk og styring frå 2005, begge frå London School of Economics and Political Science.
Astrup var praktikant hjå Verdsorganisasjonen for helse i 1999, var konsulent i strategi og forretningsutvikling hjå Arkwright 2000–2002, og var vitskapleg assistent ved London School of Economics and Political Science 2005–2006. Ansvarleg redaktør i tidsskriftet Minerva 2001–2008.
Remove ads
Politisk karriere
Astrup var leiar i Oslo Unge Høgre 2002–2004, og som leiar der skreiv han boka Velferd etter velferdsstaten saman med Torbjørn Røe Isaksen i 2004. Medlem av Studentparlamentet i Oslo 2002–2003. Politisk rådgjevar for stortingsgruppa til Høgre 2006–2008, i tillegg til ein periode som byrådssekretær for dåverande byrådsleiar Erling Lae
Astrup har mellom anna markert seg i debatten rundt norsk narkotikapolitikk. I 2003 foreslo han at Noreg skulle dele ut heroin til 600 narkomane i Oslo, etter modell frå me.a. Nederland og Sveits.[4] Av argumenta til Astrup var at dette kunne føre til ein nedgang i prostitusjonen i Oslo,[5][6] og at det var liten eller ingen forskjell på å dele ut heroin og metadon.[7] Astrup har også gått inn for å endre sosialtenesteloven slik at ein kan yte sosialhjelp i heimkommunen til ein person, for å unngå tilstrømming av narkomane til Oslo.[3]
Astrup vart nestleiar i Oslo Høgre i 2008, og same år også leiar i Høgres EU-utval. Han var 4. vararepresentant til Stortinget 2005–2009, men vart i 2009 nominert som 4. kandidaten til Høgre, og vart vald inn på fast mandat. Dette skjedde etter ein høvesvis mykje omtalt nominasjonsrunde der Inge Lønning i tur tapte ny nominasjon mot Michael Tetzschner på 3. plass og Astrup på 4. plass.[8] Ein annan utfordrar til plassen Astrup har på lista var Afshan Rafiq.
På Stortinget er Astrup, forutan å vere medlem av Energi- og miljøkomiteen og talsmannen til partiet for desse sakene, varamedlem av Stortingets delegasjon til parlamentarikarkomiteane i EFTA og EØS.
Remove ads
Stortingskomitear
- 2009–2013 medlem i Energi- og miljøkomiteen
Referansar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads